Hopp til innhold

Jølster kan bli påtvinga asylmottak

Politikarane seier samstemt nei, men Jølster Hotell er UDI sitt einaste alternativ som mottak i vest.

Jølster Hotell

Iløpet av få dagar vil UDI ta endeleg avgjerd om dei skal etablere mottak ved Jølster hotell, eller ikkje.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Ifølgje Firda skal det mykje til for at UDI aksepterar kommunen sitt nei.

LES OGSÅ: Spørsmålet UDI ikkje stiller

- Vestlandet bør ha 400 asylplassar, og dei 130 i Jølster er dei einaste reelle i denne runden, stadfestar direktør i UDI region vest, Atle Berge, ovanfor avisa.

Har skrive avtale

Ottar Øygard har drive hotellet i 12 år, og har skrive avtale med Norsk Mottaksdrift om å drive asylmottak ved det over 100 år gamle hotellet. Men lokalpolitikarane vil heller sjå at Lene Seim får gjennomført sine planer ved hotellet - å drive det som friluftshotell.

- Det er ikkje sikkert vi kan la vere å ta i mot tilbod vi har fått sjølv om vertskommunen no seier nei, seier Berge. Han er overraska over at Jølster rår UDI til å seie nei til søknaden .

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video nsps_upload_2009_8_31_20_22_36_389.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Einaste alternativ

Jølster hotell vart også etter konkursen på midten av 90-talet drive som asylmottak. Då var det 70 asylantar ved hotellet. Berge seier at eit av to tilbod om å drive asylmottak på Vestlandet ikkje viste seg å stette krava.

- Behovet for asylmottak er svært stort, dagleg kjem mellom 50 og 60 nye asylsøkjarar til landet, og håpet var at vi i denne runda kunne etablere plass til 400 asylsøkjarar på Vestlandet. No sit vi tilbake med dei 130 plassane på Jølster som er einaste der tilbodet tilsfredsstiller krava vi set til eit asylmottak, seier Berge til avisa.

- Ikkje ideelt

Berge seier at deira mandat er å skaffe nok plassar til asylsøkjarar som kjem til Norge med lovmessig krav på mottaksplass. Og at det er veldig stort behov. Han vedgår likevel at det ikkje er ideelt å etablere mottak i ein kommune som ikkje ønskjer det.

- Det er ikkje ideelt fordi vi heile tida er avhengig av å spele på lag med kommunen. Eg må ta til vitande at kommunen ikkje ønskjer asylmottak, men veit samstundes at det er stor behov for plassane, og vi ved å følgje rådet, kan risikere å bidra til at Norge ikkje kan ivareta lovandane som er gitt det internasjonale samfunnet, seier han.