Hopp til innhold

Joker-jubel då Jan vann 2,2 millionar

Jan Nidar Haukereid var onsdagens heldige Joker-kandidat. Og det gjekk vegen for mannen frå Kyrkjebø i Høyanger. Men han var ikkje den einaste frå fylket som skulle bli millionær denne kvelden.

Jan Nidar Haukereid

MILLIONÆR: Jokermillinærar ikkje er som andre millionærar, seier Jan Nidar Haukereid som på biletet har ikledd seg langhåra parykk og kledelege briller.

– Detta kunne jo ikkje ha gått betre. Eg klarar nesten ikkje å tru det, seier Haukereid til Norsk Tipping like etter at det vart klart at han var blitt millionær.

Allereie frå start var han sikra 450.000 kroner, og med tala 6, 4, 2, 7 og 3 klatra han oppover premiestigen.

Til slutt kunne han juble over å vere 2.251.000 millionar kroner rikare.

– Det var kjempekjekt og veldig overraskande. Eg sa i førre veke at no må det vere min tur, og så gjekk det liksom troll i ord, fortel Haukereid til NRK.

Han spelte Joker på Joker-butikken på Kyrkjebø. Det har han gjort kvar onsdag og laurdag sidan Norsk Tipping starta med Joker.

Ville skape spenning

Tala han fekk var stort sett lette, meiner jokervinnaren. Med unntak av eitt.

– Eg fann ut at det var fire som var vanskelegast. Medan det var stor sjanse å kunne klare dei andre. Eg tok eit lite opphald mellom det nest siste og siste talet, sjølv om eg visste at eg kom til å gå ned, fortel han.

Då låg premien på 1,6 millionar kroner.

– Eg tok ein liten pause for å lage litt spenning blant dei som såg på, ler Haukereid.

Tur til kariben

Før han sette i gong spelet sa Haukereid at han var fornøgd uansett korleis det kom til å gå. Med 2,2 millionar trur han det vert råd til både det eine og andre.

Ein ferietur med familien for å feire er sjølvsagt på sin plass. Aller helst til kariben.

– No vert det tur til Aruba og oppussing av huset, og så ligg nok den gamle Volvoen min tynt an, seier han.

Den ferske millionæren har fått ei rekkje telefonar og meldingar i kveld.

– Dette er rett og slett kanonbra, seier han og trur han har landa for kvelden.

Kvinne vann 4,6 millionar

I tillegg til Haukereid vann ei heldig kvinne frå Sogn og Fjordane over 4,6 millionar kroner i Vikinglotto.

Ho hadde ikkje fått med seg sendinga på TV og vart satt ut då ho fekk telefonen frå Hamar.

– No tullar du? Så kult. Nei, dette hadde eg ikkje trudd, sa ho lettare sjokkert til Norsk Tipping.

Pengane skal ho bruke til å betale ned gjeld, og i tillegg vil borna hennar få noko.

– Eg som ikkje pleier å ha flaks på noko som helst, fortalde den heldige kvinna.