Hopp til innhold

Her må skistjernene grave fram bilen frå snøkaoset - i juni

Medan vinden piska snøen i alle retningar, forsøkte langrennsstjernene Ingvild Flugstad Østberg og Therese Johaug å grave fram bilen i juni-vinterkaoset på Sognefjellet.

Ingvild Flugstad Østberg og Therese Johaug måtte ta hendene fatt for å laus bilen på Sognefjellet.

ALT ANNA ENN SOMMAR: Therese Johaug (t.v.) og Ingvild Flugstad Østberg er to av mange skistjerner som dei siste dagane har trassa vêrgudane og trent på Sognefjellet. Foto: Skilandslaget

– Det er sånn skikkeleg fokksnø, veit du. Ingvild, skal vi hente ein spade. Veit du om nokon som kan hende ein spade?

Spørsmålet kjem frå Therese Johaug til landslagskollegaene som var vitne til at dei to landslagsjentene måtte ta hendene fatt for å få flytta bilen midt i det verste juni-uvêret på Sognefjellet i manns minne.

– Kvar skal vi flytte oss hen liksom? undrar Ingvild Flugstad Østberg.

Full vinter i juni

Dei siste dagane har ei rekkje av dei mest kjende langrennsløparane i verda vore samla på sommarskisenteret ved Sognefjellshytta, 1454 meter over havet. Men her har det vore alt anna enn sommarstemning i løypene.

Marit Bjørgen på Sognefjellet

TESTAR GLIEN: Marit Bjørgen brydde seg lite om uvêret som har herja i treningsløypene på Sognefjellet.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Kald og sur vind i til dels tett snødrev gjorde det ikkje enkelt for landslagsløparane som er på si årlege forsommarsamling ved Nord-Europas høgastliggjande fjellovergang.

Motivert av dritvêret

Marit Bjørgen var ein av dei som lét uvêr vere uvêr, og staka og skøyta seg gjennom løypene trass i kulingbyger og elendig sikt mot dei vakre toppane i Jotunheimen.

– For meg er det ikkje noko problem å trene i tre timar i dritvêr. Det er då ein forstår at motivasjonen er i orden og at ein får gjort det rette valet, sa Bjørgen til NTB på Sognefjellet denne veka.

Ola Vigen Hattestad på Sognefjellet

GODT KLEDD: Ola Vigen Hattestad tok ingen sjansar under treningsøkta på Sognefjellet.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

(NTB / NRK)