Hopp til innhold

Johannessen vil slutte om to år

Uavhengig av om han blir attvald som leiar for Politiets Fellesforbund, vil Arne Johannessen gje seg i jobben om to år.

Arne Johannessen

VIL GJE SEG: Arne Johannessen tel på knappane i jobben som leiar i Politiets Fellesforbund.

Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

54-åringen har framleis permisjon frå jobben som lensmann i Sogndal, og har sidan 2000 vore leiar i Politiets Fellesforbund.

Valkomiteen har einstemmig innstilt han som leiar for to nye år. Skulle han bli attvald blir det uansett for siste gong, seier Johannessen sjølv til Politiforum.

– Eg har gjort ei totalvurdering, og valt å seie frå at dette blir min siste periode som PF-leiar, seier han.

Han understrekar at han tek atterhald om at han faktisk blir attvald. I haust har det nemleg vore ein beinhard maktkamp innanfor forbundet. Dagbladet skreiv i byrjinga av september at nestleiar Sigve Bolstad ønskte å ta over jobben.

Johannessen har sidan han vart valt som leiar i 2000 blitt attvald samrøystes, utan motkandidat, kvar gong. I haust har han derimot vurdert å trekkje seg.

Ifølgje Politiforum skal ei rekkje tillitserklæringar ha gjort til at han likevel har sagt ja til attval. Om han får fornya tillit blir dei to neste åra dei siste med Johannessen ved roret.

– Når eg har vore leiar i så mange år, så organisasjonen få tid til å diskutere kven som skal overta. Mi meining er at dei har krav på å vite.

– Det er også grenser for kor lenge ein skal sitje i ei leiarrolle, og nokre meiner at eg allereie har sete for lenge. Ein gang skal jo alt ta slutt, seier Johannessen.