Hopp til innhold

Johannessen gler seg til å kle seg i uniformen

Pulsen og nerven i politiarbeidet gjer at Arne Johannessen no gler seg stort til å starte i jobben som lensmann i Sogndal og Leikanger i desember.

Arne Johannesen, forhandlingsleder i UNIO

PÅTROPPANDE LENSMANN: 1. desember byrjar Arne Johannessen som lensmann i Sogndal og Leikanger, etter fjorten år som fagforeiningstopp.

Foto: Johan B. Sættem

– Eg har sakna det pulserande livet i politiet, seier Arne Johannessen.

1. desember er han klar til å gå tilbake til jobben som lensmann i Sogndal og Leikanger, og regionlensmann i Indre Sogn.

Etter 14 år som leiar for Politiets Fellesforbund, skal han no kle seg i uniform atter ein gong.

– Eg er klar for jobben, og eg har allereie byrja å telje ned dagane, seier Johannessen som har hatt permisjon frå stillinga som lensmann.

Kva vert den største utfordringa med ein ny arbeidskvardag?

– Eg må jo omstille meg på ein annan måte å jobbe på. Det har skjedd mykje i politiet sidan sist, så eg burde kanskje ha gått politiskulen på nytt? undrar Johannessen spøkefullt.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ein politiuniform ligg ferdig og klar for ein lensmann

UNIFORMA LIGG KLAR: 'No er det berre knappe 3 veker til eg byrjar som lensmann i Sogndal/Leikanger og regionlensmann i indre Sogn. Uniformsbuksa passar etter 14 år med mykje gode middagar og lunsjar ...' skreiv Arne Johannessen på Facebook.

Foto: Arne Johannessen

Sakna politikvardagen

Den påtroppande lensmannen har ikkje lyst til å kommentere den pågåande etterforskinga etter den sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet (22), men vil gjerne snakke om politikvardagen som snart møter han.

– No har eg jobba på eit overordna nivå, med strategiar, utvikling og organisering, i mange år, og eg har jobba med alle moglege ting som betyr noko for politiet, seier Johannessen og fortsett:

– Eg er veldig glad i og veldig stolt av politiet og det engasjementet dei viser med den jobben dei gjer.

Har du sakna politikvardagen?

– Ja, eg har det. Det er eit fantastisk godt miljø i politiet, og så er det ei sterk nerve i politiarbeid. Det er mange dedikerte og flinke folk i politiet, så det blir morosamt å jobbe, svarar den påtroppande lensmannen, før han avsluttar:

– Eg gler meg!