NRK Meny
Normal

Johannes utklassa konkurrentane: – Herleg å vinne igjen

Stryningen leverte feilfri skyting og god langrenn og knuste alle konkurrentane i dagens skiskyttarsprint i Ruhpolding.

Thingnes Bø i foreløpig ledelse

FULLTREFF: 10 treff på laurdagens skiskyttarsprint gav siger til Thingnes Bø.

– Det er herleg å vinne igjen. Dette er min andre siger for året. Eg ser ikkje nokon anna måte eg kunne gått på i dag. Skia var fantastiske og skytinga sat. Eg opna hardt, og klarte heldigvis å fokusere på skytinga å få 10 treff, seier vinnaren til NRKs Dag Erik Pedersen etter målgang.

Med sigeren i dag sikra Johannes Thingnes Bø seg sin sjuande verdscup-siger. Dagens løp vil han karakterisere som sitt livs beste.

– Det var eit litt spesielt løp. Eg starta bak Ole Einar og Emil og var ganske bestemt på å ta dei igjen. Men eg var ikkje heilt pigg på morgonen i dag, og eg trudde ikkje at i dag var dagen. Då sa Stian Eckhoff at det ofte er då ein gjer det bra. Han hadde tydelegvis rett, seier Thingnes Bø.

Klar for nytt renn i morgon

– Med stafettsiger på torsdag og siger i dag, så må eg berre bestemme meg for å ikkje avslutte helga før i morgon kveld, seier Thingnes Bø.

For i morgon er det nytt løp og nye moglegheiter for stryningen. Då er det 15 km fellestart som står på programmet.

Thingnes Bø kom i mål heile 24 sekund framfor tyske Simon Schempp. Tyske Arnd Peiffer tok tredjeplassen 58 sekund bak. Alexander Os vart nest beste nordmann på ein 11. plass.

No gler han seg til prøve-VM i Holmenkollen.

– Det er berre å ta med seg kakao og kanelbollar og stille opp i kollen, oppmodar Thingnes Bø.

Johannes Thingnes Bø gikk sitt livs løp under lørdagens skiskyttersprint i Ruhpolding. Reporter: Dag Erik Pedersen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser