Hopp til innhold

Både Tarjei og Johannes på landslaget

Johannes Thingnes Bø frå Stryn er teken ut på seniorlandslaget i skiskyting. 18-åringen er ein av dei yngste som har fått plass på landslaget.

Johannes Thingnes Bø
Foto: Ole Kristian Stoltenberg / SCANPIX

Det var i går han fekk beskjeden om at han er utteken. Han trudde knapt det han høyrde, fortel han til vg.no .

– Det har ikkje gått opp for meg. Det var ein artig beskjed å få sjølv om eg vurderte det som heilt urealistisk at dei skulle satse på meg no. Men eg er audmjuk over å ha fått ein slik sjanse. Eg kjenner meg priviligert.

– Aldri hoppa så mykje

Til NRK seier Johannes Thingnes Bø at han ikkje hadde rekna med å kome på seniorlandslaget før i 2015.

– Eg spurde han som ringde frå forbundet minst ti gonger om det verkeleg var sant. Eg har aldri hoppa så mykje som eg gjorde då. Det var ein overraskande beskjed å få. Eg reknar med at dei tenkjer litt langsiktig.

No blir han lagkamerat med broren Tarjei Bø .

(Artikkelen held fram under biletet).

Tarjei Bø

FÅR BROREN PÅ LAGET: Tarjei Bø.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde er teken ut på juniorlandslaget i skiskyting.