Hopp til innhold

Johannes (9) diggar lukta av svidd gummi

Under Vestlandsmeisterskapen i Kråkenesmarka fekk Johannes Ask Ringstad (9) gode råd frå favoritten sin. – Eg håpar eg blir like god som Håvard. Eller betre, seier førdeguten.

Johannes Ask Ringstad på startstreken

KLAR: Johannes Ask Ringstad gjer seg klar til start. I sommar står Sommarcupen i Bergen og Sigdal, Vestlandsmeisterskapen i Bergen og Klepp, samt nokre løp på Austlandet på programmet.

Foto: Katrine Grotle

Den unge gokart-køyraren ser opp til klubbkamerat, og fabrikkøyrar, Håvard Hallerud.

Johannes Ask Ringstad og Håvard Hallerud

LÆREGUT: Johannes Ringstad Ask (t.v.) får gode råd frå Håvard Hallerud. Det kjem godt med i konkurranse med opp til tre år eldre konkurrentar. – Han kan bli god om han vil, meiner Hallerud.

Foto: Katrine Grotle

18-åringen vann Vestlandsmeistersskapen i fjor og prioriterer denne sesongen større løp. Difor coacha han i helga unge løparar i gokartklubben i Førde.

For det er ikkje berre å setje seg i bilen og gi gass.

– Nei, du må velje rett spor og ha rett kurve inn i svingen. Så er det veldig viktig å gje gass tidleg. Men ikkje for mykje, for då køyrer du av bana, seier Johannes Ask Ringstad.

Klar til start i Kråkenesmarka

SPENNING: Mykje må kontrollerast og gjerast klart før start.

Foto: Katrine Grotle

Uheldig i finalen

Johannes var ikkje store karen då han fatta interesse for gokart. Ventetida til han vart seks år og gamal nok til å køyre, var lang. No er han inne i sin femte sesong, og hans første bak rattet på ein 60 kubikkar.

– Eg likar fart og spenning, seier guten som fyller ti år i sommar.

Ni av dei lokale som stilte på startstreken i Kråkenesmarka.

SJÅ BILETSERIE: Det var yrande liv i Kråkenesmarka i helga.

Foto: Kathrine Grotle

Han presterte bra fram til den andre og avgjerande finalen. Med 21.-plass i A-gruppa, gjekk det ikkje heilt etter planen.

– Han hamna bakpå i starten. Det vart trongt og han var ein av dei som gav seg i staden for å gå på, fortel pappa, og mekanikar, Robert Ask.

– Små marginar

– Det var synd. Han kunne kome høgt opp, meiner Hallerud som set pris på å dele eigne erfaringar med dei unge i klubben.

– Det kan gå på sporval, forbikøyringar og korleis ein bør legge seg etter start, seier han.

Stor aktivitet i Kråkenesmarka

HEIAGJENG: Familie og vener heiar fram sine unge og håpefulle i Kråkenesmarka.

Foto: Kathrine Grotle

Ask tykkjer det er flott at Hallerud stiller opp for yngre løparar.

– Det er kanskje lettare å ta i mot innspel frå ein som du ser opp til enn din eigen far, humrar han. Og gode råd må til om ein skal kome noko veg i sporten.

– Det er små marginar. Berre det å treffe rett på inngangen til ein sving kan vere avgjerande. Så er køyreteknikk og det mentale viktig. Du må ha rask reaksjon og gjere dei rette vala, seier Ask.

– Aldri gi opp

Johannes har sjølv draumen klar.

– Eg føler at eg kan bli like god som Håvard. Eller kanskje endå betre, seier niåringen.

Eivind Pettersen og Håvard Hallerud

MEKANIKAR: Håvard Hallerud (t.h.) har sjølv pappa Eivind Pettersen med som mekanikar når han fartar rundt om i Europa.

Foto: Katrine Grotle

– Då må du aldri gi opp. Alltid gi alt. Heilt til siste runde er ferdig. Sjølv om du er nummer fem, og det er langt fram, så veit du aldri kva som kan skje der framme. Køyrer du maks, så kan du knipe ein plass eller to til, er rådet frå læremeisteren.

– Eg lærte det søndag, at eg ikkje skal gi meg. Det var det eg gjorde i finalen, avsluttar Johannes.