Hopp til innhold

Johanna fekk oppleve stormen på Kråkenes – no skal vêrturisme lokke fleire til kysten

Johanna Myklebust fekk ei oppleving for livet då ho denne veka fekk kjenne uvêret på kroppen ved Kråkenes fyr. No vil reiselivsaktørar langs kysten satse meir på vêrturisme.

Johanna Myklebust og Ingegjerd Havro på Kråkenes fyr

FASCINERANDE: Johanna Myklebust og Ingegjerd Havro på Kråkenes fyr under uvêret denne veka. – Eg ville ikkje budd her, men eg tykkjer det er veldig spennande å oppleve slike naturkrefter. Det er fascinerande, seier Myklebust.

Foto: PRIVAT

– Det var eit ragnarok av lydar. Eg hadde drøymt om dette i mange år og at det klaffa slik no var rein skjær flaks, seier Johanna Myklebust.

Saman med venninnene Ingegjerd Havro og Berit Gloppestad fekk ho oppleve mektige naturkrefter då hauststormen rasa utanfor Kråkenes fyr denne veka. Turen hadde ho bestilte i god tid. Håpet var å oppleve skikkeleg uvêr.

– Det vart heller dårleg med søvn, men det var vi budde på. Om vi fekk uvêr, så skulle vi få det med oss. Det knaka og braka, senga rista, men huset har stått her i over 100 år så det står nok her i natt også, tenkte vi.

Opplevde uvêret ved Kråkenes fyr

STERK VIND: Ingegjerd Havro og Berit Gloppestad reiste saman med Johanna Myklebust til Kråkenes fyr, og fekk oppleve naturkreftene på kroppen.

Foto: PRIVAT

Satsar på vêret

No vil reiselivsaktørar langs kysten satse meir på trygg vêrturisme. Wenny Irene Hansen er prosjektleiar i bedriftsnettverket «Stormwatching Norway». Dei har i kring tre år arbeidd med å jobbe fram nye reiselivsprodukt.

– Vi ønskjer å utnytte vêret til vår fordel. Vi vil tilby trygge vêropplevingar kombinert med lokale historier om livet på kysten, og etterpå kunne gå inn i varmen for å få god mat, spa-opplevingar, yoga og liknande, fortel ho.

Wenny I. Hansen

VIL SATSE PÅ VÊRET: Prosjektleiar Wenny Irene Hansen og bedriftsnettverket «Stormwatching Norway» trur vêr og vind kombinert med gode innandørsopplevingar kan dra fleire turistar til kysten. Innovasjon Norge har støtta prosjektet.

Foto: Privat

I haust legg dei ut dei første opplevingstilboda for bestilling på nett.

Uutnytta potensiale

Satsinga rettar seg primært mot ein internasjonal marknad, men også mot nordmenn og bedrifter.

– Det er eit produkt som passar tida vi lever i, der folk ofte er stressa og ikkje har tid til å setje seg ned, vere i kontakt med naturen og slappe av.

Knutholmen i Kalvåg

MJUK FORM: – Vi vil satse på ei mjuk form for uvêrsturisme, der alt skal skje innanfor trygge rammer, seier Wenny Irene Hansen i bedriftsnettverket «Stormwatching Norway». Det består mellom andre av Knutholmen i Kalvåg, Værlandet Havhotell, bedrifter Solund og i Hyllestad og firmaet Go Fjords. Her frå Knutholmen i Kalvåg.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Med hovudsesong frå oktober til mars byggjer prosjektet opp under heilårsturisme.

Det ligg eit uutnytta potensial i vêrturisme langs kysten, meiner bedriftsnettverket.

Som skapt for fylket

Ein liknande konklusjon drog Martin Hagen, som saman med medstudentar innan prosjektleiing i vår ferdigstilte eit turismeprosjekt på oppdrag frå Måløy Vekst: Måløy bør satse på storm, meinte dei.

– På Kråkenes kan ein oppleve nokre av dei sterkaste stormane i Europa, kombinert med røff sjø og natur. Det å spele på stormen funkar bra til Måløy-området. Det er ein røff by med betongbygg, gatekunst, krigshistorie og fiskeriindustri.

– Ikkje minst har dei ein framoverlent og gjerne stormfull kultur, seier han.

Kråkenes fyr i storm

NATURKREFTENE TETT PÅ: – Eg har snakka om det i mange år at eg skulle ønskt ei natt på Kråkenes fyr i uvêr, men ikkje sterkare enn at var trygg på at huset stod, seier Johanna Myklebust. Dette biletet er teke frå ein storm i 2011.

Foto: Merete Høidal / NRK

Dessutan er opplevingsturisme på framvekst over heile verda, noko Sogn og Fjordane er som skapt for, påpeiker Hagen.

– Kan utnyttast meir

Ved Skongenes fyr, som blir brukt til overnatting i regi av Den Norske Turistforening (DNT), har dei førebels ikkje merka stor pågang frå vêrturistar, sjølv om enkelte har kome i dårleg vêr.

– Kråkenes fyr er nok både meir vêrhardt og meir tilgjengeleg, seier Tor Magne Gangsøy, styreleiar i Ytre Nordfjord Turlag.

– Vi har nok potensiale til å utnytte dette meir.

Etter besøket på Kråkenes fyr, er Johanna Myklebust glad for opplevinga. På det verste var det orkan i kasta denne uvêrsnatta.

– Det var rett og slett blinkskot. Vi kjenner oss heldige, seier ho.