Johan Hove med i G19-EM

I dag set EM i gang for G19-laget i fotball. Sogndølen Johan Hove er med i den norske landslagstroppen som er på plass i Armenia. Midtbanespelaren, som til dagleg spelar i Strømsgodset, håpar å få mykje speletid. Også Sogndal-spelar Jonas Fredriksen er med i troppen. Den første gruppespel-kampen spelar Noreg i dag mot Irland. Sendinga kan du sjå på NRK2 og i appen NRK TV frå klokka 16.35.