Hopp til innhold

Joggeturen gav makspuls då ho vart fanga i snøinferno

Malin Frøyen Bergset sin daglege joggetur vart ikkje som planlagt då ho plutseleg såg røyk og eit enormt snøras komme mot henne.

Malin Frøyen Bergset

FANGA I SNØKAOS: Dagens joggetur vart ikkje som planlagt for den ivrige joggaren.

Foto: Privat

Vanlegvis joggar Malin Frøyen Bergset langt og har låg puls. Men dagens trimtur vart alt anna enn vanleg.

– Eg jogga oppover Dalsdalen i Høyanger med høg musikk på øyra. Eg kom så vidt opp og såg mykje røyk frå fjellet. Men så oppdaga eg at det var eit snøras, men tenkte at det var så langt vekke at det gjekk heilt fint.

– Trykket av raset kom ned

I den smale dalen stuper fjella ned, og raset og ikkje minst trykket som følgde etter, var uvanleg sterkt. Det fekk Frøyen Bergset merke.

– Eg såg at raset vart større og større og breiare og breiare. Så då måtte eg snu i full fart og springe tilbake. Det kom så fort at eg ikkje såg handa framfor meg.

I full fart sprang ho inntil eit hus for å få le og støtte mot infernoet.

– Eg stod inntil eit vindauge og pressa ansiktet mot ruta med buffen over nasen. Eg var så livredd, og eg fekk ikkje puste. Det var heilt forferdeleg.

– Vekte naboar i området

Naboar i området stadfestar at dei fekk seg ein støkk i dag tidleg då veggen av snø kom mot dei. Det er vanleg at det går ras i området, men aldri har dei opplevd at det har komme så langt ned i dalen som det gjorde i dag tidleg.

– Eg var så redd at eg fekk vekt opp ein familiefar. Eg banka på, og han kom ut. Men då hadde trykket lagt seg og dekt husa med snø.

Vegen der raset gjekk, går opp mot Statnett og Statkraft sine anlegg. Truleg har raset gått i fjellsida, og så har trykket blitt så sterkt at det har pressa laussnø nedover den smale dalen mot bustadområdet.

Snøinferno ut vindauget

SÅG IKKJE UT: Ein nabo tok bilete av utsikta frå stoveglaset etter at snøraset og trykket etter det hadde lagt seg. Midt i snøføyken stod Frøyen Bergset trykt inntil eit hus.

Foto: NRK-tipsar

– Alt var dekt av fint snødrev

– Eg gjekk tilbake då trykket frå raset hadde lagt seg. Då var alle vindauga på husa i området heilt kvite av snødrev, så det gjekk ikkje an å sjå ut. I vegen låg det kvistar og tretoppar. Alle bilane som stod i gata, var heilt kvite.

Sjølv om hendinga har sett ein kraftig støkk i Frøyen Bergset, kjem ho til å fortsette å jogge. Ho prisar seg lukkeleg over at det gjekk bra.

– Hadde eg ikkje klart å snu, hadde eg stått midt i snøinfernoet.

– Du kan seie det slik at når eg er ute og joggar, likar eg å springe langt, og eg får ikkje så høg puls på ei slik treningsøkt. Men i dag fekk eg makspuls på null komma null.