Hopp til innhold

Jodeliha-ho-hi!

STRYN (NRK): Oktoberfesten i Stryn opnar dørene i dag. Her blir det ompa, snurrebart og jodling.

Stian Dyb

SPENT: Stian Dyb er spent klar for oktoberfesten i Stryn. Sjå biletgalleri for fleire festklare folk.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

I dag startar Norges største oktoberfest, og det skjer i Stryn. Vi har møtt jodlarar og folk med snurrebart.

– Eg gleder meg til å sjå kvinnfolk i oktoberfestkostymer og til å drikke øl, seier Stian Dyb som er ein av dei som har kostymert seg i klassisk oktoberfestbekledning.

Folk på veg på oktoberfest i Stryn, 2017

PÅ VEG: Folk på veg på oktoberfest i Stryn

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Har selt 3500 billettar til 10-års jubileet

Han er ein av 3500 som kjem til å ta turen til oktoberfesten i Stryn denne gongen. Sjef for det heile, Kim Rune Flo, er ikkje nemneverdig stressa like før festivalen opnar dørene for rekordmange festglade gjestar.

Oktoberfestkardinal, Kim Rune Flo

ROLIG: Oktoberfestkardinal, Kim Rune Flo synes han og resten av arrangørane i Ping Pong-klubben i Stryn har god kontroll på arrangementet som vert det største nokon gong.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Eg har ei god ro før det heile brakar laust. Vi er i rute og er klar for å lage ein kjempebra 10 års- fest, seier Flo.

Han fortel at festivalen starta i det små med kring 300 besøkande i eit revytelt i sentrum. Derifrå har festivalen vakse til 5–6 store telt, eit sirkustelt, 3500 selde billettar og ei helg med kring 10.000 besøkande i Stryn.

– Det er heilt fantastisk å vere med på ein slik vekst. Tusen takk til alle som tek turen til Stryn. Det er kjekt at vår kameratgjeng frå Ping Pong-klubben i Stryn har klart å få til dette og å bli så gode på å gjere det vi gjer, seier Flo som smykkar seg med tittelen Oktoberfestkardinal.

Kostyme er viktig

Mange av dei som tar turen til Stryn denne helga kjem i klede som er typisk for ein oktoberfest. Og pågangen er stor i oktoberfestbutikken i Stryn desse dagane.

– Hatt er viktig, seier Oktoberfestbutikksjef, Endre Bø entusiastisk.

Trass i at det stadig kjem nye ting, kjøper han ikkje sjølv nye kostyme kvart år.

– Kjøper du skikkeleg skinnbukse kan du ha den resten av livet så sant midja held seg på plass. Men nye strømper og skjorter må til av og til, seier Bø.

Stian Dyb på Oktoberfest i Stryn, 2017

STIL: Stas, stil og glede. Det er stikkorda når Stian Dyb skal skildre bekledninga si.

Foto: Oddmund Haugen / NRK