Hopp til innhold

Jobbmessa ei aha-oppleving for dei unge

MÅLØY (NRK): – Jobbmessa Framflyt gir oss høve til å tenke stort på ein liten plass, seier Louise Paris.

 Anna Paris, Hege Hopland, Louise Paris

PÅ JOBBMESSE: Anna Paris, Hege Hopland og Louise Paris

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Nesten 600 elevar var tysdag samla i Nordfjordhallen i Vågsøy for å få informasjon om moglegheitene innan det lokale arbeids- og næringslivet. For elevane var det ei aha-oppleving å sjå kva spanande verksemder som er i nærområdet.

– Eg vart veldig imponert over at folk har klart seg så bra på ein så liten plass. Det er lett for oss å undervurdere kva moglegheiter vi har her, og det trur eg skuldast at vi ikkje har visst om dei. Difor er denne messa bra, seier Paris.

Av ungdom for ungdom

Det er tredje året på rad at elevar frå Måløy vidaregåande skule inviterer næringsliv og medelevar frå store delar av Nordfjord til næringslivskonferanse.

Margrethe Kvalheim

MESSE FOR TREDJE ÅR PÅ RAD: Arrangør Margrethe Kvalheim

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er fantastisk å sjå så mange ungdommar samla, for vi har jobba hardt med å få det til, seier Margrethe Kvalheim, som er med å arrangere konferansen.

Kvalheim går tredje året på vidaregåande der ho har marknadsføring og leiing.

– Vi gjer dette for at ungdom skal få vite kva verksemder dei kan kome attende og jobbe hos.

Frir til dei unge

I hallen står det stands frå ei rekke lokale verksemder; Ervik havfiske, Arktic Linefish, Fagskulen, ingeniørstudium og logistikk-fag for å nemne noko.

– Eg tykkjer det er viktig å vise ungdommen kva vi har å tilby, vi har mange spanande stillingar i vår bransje seier Rune Solvang frå Toyota Nordfjord og Førde, som også er på plass på messa.

Og bodskapen fall i god jord hjå Hege Hopland ei av dei nær 600 ungdommane som vitja messa i tysdag.

– Toyota verka mest spanande. Eg køyrer forbi dei kvar dag på veg til skulen, men var ikkje klar over at dei var så store og hadde så mange avdelingar, seier Hopland.

– Det er veldig fint å kunne få ein dag der vi får vite så mykje om det som skjer i nærleiken og kva moglegheiter vi har, seier Louise Paris.