Jobbar vidare med fusjonen – vedgår at det har vore ei «krevjande sak»

FLORØ (NRK): Styret i Fjord1 har bestemt seg for å jobbe vidare med fusjonen med Norled.

Reidar Sandal

NØGD MED MØTE: Reidar Sandal håpar å få til eit møte mellom Fjord1 og fylkesutvalet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi legg ikkje vekk intensjonsavtalen, og har ikkje gått inn på dei einskilde punkta som har vore omtalt i det offentlege rom. No ønskjer vi å møte fylkesutvalet for å drøfte situasjonen – og det er det einaste vi signaliserer no, seier styreleiar Reidar Sandal til NRK.

Styret i Fjord1 har torsdag hatt møte om den omstridde intensjonsavtalen om fusjon med Norled. Rett før påske la selskapa uventa fram tankane om storfusjonen på Vestlandet.

Prosessen kolliderte med Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt eige løp, der politikarane vurderer å selje Fjord1. I fylkesutvalet vende dermed politikarane tommelen ned for intensjonsavtalen og oppmoda styret om å legge den vekk.

Håpar fylkesutvalet takkar ja til møteinvitasjon

Styreleiar Sandal understrekar at dei no strekkjer ut ei hand til eigaren.

– Vi har vedteke at vi arbeidar vidare med saka i eit seinare styremøte. Det betyr at vi strekkjer ut ei hand til fylkeskommunen, seier han.

– Vi ønskjer kontakt med fylkesutvalet for å finne ei tenleg ordning for Fjord1. Styret håpar utvalet tek imot denne invitten, seier styreleiaren.

– Det har vore ein del støy om saka, og det vil vere gunstig for Fjord1 og fylkeskommunen om vi gjer det vi kan vi kan for å komme konstruktivt vidare, seier Sandal.

Stavangerfjord i Arsvågen

MISNØYE: Det er misnøye i Fjord1-systemet over at selskapet ikkje får greie ut fusjon med Norled.

Foto: Jan Kåre Ness

Innrømmer at det har vore ei krevjande sak

Han meiner eit konstruktivt møte vil kunne løyse opp i den fastlåste situasjonen. NRK veit at det har bobla internt både i Fjord1 og fylkeskommunen.

– Det har vore ei krevjande sak, det må eg berre innrømme. Eg føler vi har vore i eit trongt farvatn, for å bruke maritimt språk. Men eg trur ikkje det er trongare enn at vi kan komme trygt i hamn om vi etablerer den naudsynte kontakten.

– Kunne de ha gjort ting annleis for å sikre ein betre dialog?

– Vi har overfor fylkesutvalet gjort greie for kvifor tidsbruken har vore som den har vore. Det er ikkje berre på grunn av oss, men også fordi det har vore skifte av sentrale toppaktørar i Norled, seier Sandal.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.