NRK Meny
Normal

SISTE: Brannen i Leikanger er under kontroll

Skogbrannen i Leikanger er under kontroll. Det melder Brannalarmsentralen klokka 1820.

Skogbrann på Leikanger ute av kontroll

EFFEKT: Helikoptera frå Airlift gjorde ein god jobb under brannsløkkingsarbeidet i Leikanger.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Mannskap har jobba sidan brannen vart varsla i 13-tida med å sløkke brannen. Klokka 1820 melder Alarmsentralen at brannen er under kontroll.

– Brannbefalet melder tilbake at dei meiner å ha kontroll på situasjonen. Helikoptera er sett på bakken, og dei driv no med ettersløkking. Det vil dei halde fram med utover kvelden, seier vaktoperatør Terje Brandsøy.

Avgjerande helikopter

Då har flammane herja i Njøsadalen ved Hermansverk i Leikanger. Alt tilgjengeleg brannmannskap i Leikanger og Sogndal kommunar, samt Sivilforsvaret har medverka i sløkkingsarbeidet.

Arbeidet vart tidleg skildra som utfordrande, både med tanke på vind og det bratte terrenget.

(Artikkelen held fram under videoen)

Store styrkar kjempar for å få kontroll på skogbrannen ved Hermansverk i Leikanger.

SJÅ: Sivilforsvaret pumpar vatn til brannvesenet. (FOTO: NORALV PEDERSEN/REDIGERING:ODDLEIF LØSET)

15-tida vart også helikopter sett inn i arbeidet. Brandsøy seier dette var avtgjerande for å få kontroll.

– Tilbakemeldingane er at det har vore heilt avgjerande for å få kontroll på situasjonen. Det var vanskeleg å komme til, og dei har hatt to helikopter som har gått skytteltrafikk sidan klokka 15. Det var heilt avgjerande for å få det resultatet ein no har fått, seier han.

– Krevjande arbeid

Sivilforsvaret har hatt kring 20 mann i sving for å syte for vassforsyning til brannvesenet. Dei prøvde også hindre at brannen spreidde seg med vinden. Denne roa seg utover ettermiddagen.

Det er krevjande arbeid. Det er tungt, bratt og ulendt terreng, seier Stein Morten Rønningen, vakthavande hos Sivilforsvaret.

– Mannskapet har fått køyrt seg i dag, legg Brandsøy til.

– Faren no er dersom det blir noko meir vind, då kan brannen fort blusse opp att. Men i utgangspunktet melder dei at dei har kontroll, og då er det berre eit tidsspørsmål når dei kan byrje å permittere mannskap, seier Brandsøy.

Spreidde seg seint

Brannen vart meldt like over klokka 13. Det føregår linjearbeid i området, men årsaka til brannen er uviss.

– Brannen spreiar seg seint nedover, men det ligg ein støl nokre hundre meter over brannen. Det er ein klar prioritet å hindre at brannen spreier seg den vegen, sa NRK-reporter Halvor Farsund Storvik i 16-tida.

Vegopning på Bergum i Førde kommune