NRK Meny
Normal

Jobbar på åstaden med smarttelefon og nettbrett

SOGNDAL (NRK) Nye arbeidsmetodar gjer at straffesaker kan bli ferdig etterforska på åstaden. Politioverbetjent Rita Skjeldestad er svært nøgd med den nye måten politiet skal jobbe på frametter.

Politioverbetjent Rita Skjeldestad

HAR TESTA: Med «politiarbeid på staden» tykkjer politioverbetjent Rita Skjeldestad at arbeidet ute i felt går raskare, meir effektivt og at det aukar rettstryggleiken.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Denne hausten har polititenestefolk over heile landet gjort seg kjend med ein ny arbeidsmetode som lettast kan kallast «politiarbeid på staden».

Utstyrt med smarttelefon og nettbrett skal polititenestefolk gjere seg ferdig med mest mogleg av politiarbeidet rundt ei hending, like etter at hendinga har skjedd.

Publikum vil sleppe å måtte ta seg fri eller reise langt for å møte opp til vitneavhøyr på eit lensmannskontor fleire dagar etter hendinga.

Endringa er ein del av den mykje omtala nærpolitireforma, og smartteknologien skal frigjere ressursar slik at politifolk kan vere meir ute blant publikum.

Smarttelefon og nettbrett

– Vi brukar ein diktafon (iphone frå januar av, red. merkn.) der vi via ein app gjer opptak av avhøyr på staden. Via ein ipad får vi tilgang til politisystema der vi mellom anna kan logge oppdraga våre sjølv, og få meir informasjon enn kva vi får via sambandet i dag, fortel politibetjent Ina Wilhelmsen.

NRK var med ho og kollegaen, politioverbetjent Rita Skjeldestad, på patrulje i Sogndal to dagar før jul.

For Skjeldestad har dei nye arbeidsmetodane ført til ein meir effektiv arbeidskvardag.

– Lat oss seie at vi er ute på ei trafikkulukke og det er fem vitne. Då kan vi fort konsentrere oss om dei vitna som har sett noko. Dei to som kanskje kom etterpå og som ikkje har så mykje å bidra med, kan vi gjere eit lydopptak av og fort sjekke ut av saka, forklarar Skjeldestad.

Politiarbeid på staden

NYTT UTSTYR: Førebels gjer politiet i Sogn opptak på ein diktafon, men snart får alle politibetjentar utlevert ein smarttelefon.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Auka bruk

Hjå politiet i Sogn har bruken av lydavhøyr blitt mangedobla sidan den spede starten i september. Regionlensmann Arne Johannessen meiner det nye arbeidsmetodane gjer politiet meir effektivt, og at kvaliteten på avhøyra blir betre.

– Dette dreiar seg om at me gjer ei straffesak mest mogleg ferdig ute i felt. Når politiet rykker ut tek vi eit avhøyr av mistenkte, av vitne og vi gjer ein åstadsgransking. Når patruljen køyrer inn att, er kanskje saka ferdig etterforska, seier Johannessen.

Han meiner at avhøyr på staden like etter at hendinga har skjedd, gjev meir nøyaktige vitneavhøyr, fordi vitna då hugsar betre enn kva dei gjer tre dagar etterpå på ein politistasjon eller eit lensmannskontor.

Ved å ta opptak av avhøyret på staden, slepp folk å kome til eit politikontor i etterkant.

Gode resultat

Og det er i Sogn at politiet har det klaraste eksempla på korleis dette systemet kan verke.

– Kanskje det beste eksempelet var ei alvorleg trafikkulukke på Hemsedalsfjellet. Den skjedde ein måndag ettermiddag, var ferdig etterforska tysdag føremiddag, fekk eit oppgjer i retten fredag og den dømde vart sendt rett på soning.

– Viss det ikkje hadde skjedd på denne måten, ville sannsynlegvis gjerningspersonen ha reist utanlands, og hendinga hadde ikkje fått nokon konsekvens, fortel lensmannen.

Arne Johannessen

SVÆRT NØGD: Sogn er eit av dei politidistrikta som har gode erfaringar med den nye måten å jobbe på. Regionlensmann Arne Johannessen er nøgd.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Patrulje

Det skjedde lite i Sogndal då NRK var med Skjeldestad og Vilhelmsen på patrulje og systemet vart difor ikkje brukt.

Men politibetjentane har nytta systemet mange gonger allereie. Både i november og desember er arbeidsmetoden nytta over 30 gonger, og ein reknar med ei sterk auke i 2017. Begge betjentane tykkjer at den nye måten å jobbe på, er eit framskritt.

– No får folk moglegheita til å forklare når hendinga akkurat har skjedd, medan alt er ferskt i minne. Det blir betre kvalitet på avhøyret. Og så har det noko med rettstryggleik å gjere. Vi kan gå tilbake til avhøyret vi har teke og høyre at det vi seier og det publikum har sagt, stemmer overeins, seier Skjeldestad.

– Vi får tak i dei viktige detaljane som fort går i gløymeboka etter ar vi har vore ute på oppdrag. Men det beheld vi no når vi har alt på lyd, forklarer Wilhelmsen.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast