NRK Meny
Normal

Tidlegare ordførar vil stogge lokalmedisinsk senter i heimbygda

Næringslivsmannen og tidlegare ordførar i Sogndal, Kåre Lerum, prøvar å stoppe planane om lokalmedisinsk senter i heimbygda.

Kåre Lerum

VIL STOGGE: Kåre Lerum meiner det lokalmedisinske senteret Sogndal jobbar for i kommunen ikkje vil bli godt nok.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I ein epost ber Kåre Lerum fylkesleiaren i Høgre, Arve Mjømen, ta saka opp med helseministeren slik at det planlagde senteret ikkje får statsstøtte.

Sjølv om dei fleste kommunane nå vil samarbeida om eit lokalmedisinsk senter i Lærdal, er det likevel viktig med meir informasjon til folket i Sogn, - serleg i Sogndal, der eit fleirtal i kommunestyret saboterer Sogn LMS. Det er viktig at regelen om at eit lokalmedisinsk senter skal tena 25.-30.000 innbyggjarar står ved lag. Og at miniløysingar som ein prøver seg på i Sogndal IKKJE får noko form for statsstøtte.

Kåre Lerum i e-post
Jarle Aarvoll

RASAR: Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap), er lite nøgd med eposten Kåre Lerum har sendt fylkesleiaren i Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap), har ingen sans for det Lerum har gjort:

– Det er med forundring eg registrerer at ein ber regjeringa gå imot eit fleirtalsvedtak i ein kommune, som er lovleg fatta og som er jobba etter, rasar han.

Dragkamp

Det har i lengre tid vore ein dragkamp om Sogndal skal ta del i det lokalmedisinske sentrert i Lærdal eller ikkje. Det enda til slutta med at kommunestyrefleirtalet i Sogndal med Arbeidarpartiet i spissen gjekk inn for eit eige lokalmedisinsk senter.

Dette har derimot ikkje den tidlegare Høgre-ordføraren i bygda, Lerum, noko sans for.

– Sogndal saboterer det lokalmedisinske senteret i Lærdal, skriv han mellom anna i eposten til Mjømen.

– Ingen statsstøtte

Vidare ber han Mjømen om å invitere helse- og omsorgsministeren Bent Høie (H) til Sogndal for å informere han om saka.

– Det er viktig at regelen om eit lokalmedisinsk senter skal tene 25.000-30.000 innbyggjarar står ved lag. Og at miniløysingar som ein prøver seg på i Sogndal, ikkje får noko form for statsstøtte, heiter det i eposten.

Lerum avviser at han gjennom mailen til Mjømen har vore illojal mot kommunstyrefleirtalet i heimbygda.

Avviser kritikken

– Det vi får i Sogndal blir uansett eit minisenter som etter mitt syn ikkje er godt nok. Med Lærdal sjukehus som base, blir det kanskje landets beste lokalmedisinske senter, seier Lerum.

– Det går ikkje an å strupe, og ikkje gje støtte til ein kommune, for å byggje ut helseteneste i sin kommune. Vi skal byggje nytt helse- og omsorgssenter, sjukeheimsplassar, omsorgsplassar, vi skal samlokalisere. Slik eg ser det, fell det på si eiga urimelegheit, svarar Aarvoll.