Hopp til innhold

Jobbar med ny stor cruisesatsing

Flåm, Skjolden, Vik, Balestrand og Høyanger sonderer moglegheitene for å skipe eit regionalt cruiseselskap i Sognefjorden. Det skriv Sogn Avis. Målet er å marknadsføre heile Sognefjorden under eitt. Flåm Utvikling, som er den største cruisehamna, seier dei ikkje utan vidare kan legge merkevara si inn i ein større cruisedestinasjon Sognefjorden, men er ikkje avvisande til tanken om eit felles selskap.