Hopp til innhold

Jobbar med å få inn «eit par» nye spelarar

SOGNDAL (NRK): Med berre nokre få dagar til overgangsvindauget stengjer, jobbar Sogndal hektisk med å få styrka stallen før seriestart.

Eirik Bakke samlar Sogndal på trening

KAN BLI FLEIRE: Om Sogndal får det som dei vil, bli troppen utvida med fleire nye spelarar før seriestart.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg håpar at det skjer noko dei to-tre neste dagane, som gjer at vi får inn eit par spelarar til. Det vil gjere oss endå meir rusta til det som møter oss, seier Eirik Bakke.

Sogndal har sidan sommaren i fjor mista 12 spelarar, og jobben med å hente inn nye er ikkje over. Men no hastar det, då overgangsvindauget i norsk fotball stengjer 31. mars.

Til no har klubben fått inn spelarar som Robin Shroot, Victor Grodås og Christian Sukke – i tillegg til fleire lokale unggutar.

Er kresen på kven han vil hente inn

Sogndal er inne i ein intens sluttspurt i jakta på dei siste brikkene i Eirik Bakke sitt puslespel. For det har ikkje vore berre lett å finne dei rette spelarane.

Sånn sett er kvardagen nokså annleis samanlikna med tida i eliteserien.

– Vi må ha inn spelarar som passar. For meg er samhaldet viktig, og eg er var på kven eg vil ha inn i troppen. Samhaldet i troppen er viktigare enn einskildpersonar, seier Bakke.

– Vi har fått nok av forslag til spelarar, og mange vil også komme hit. Men dei må oppfylle dei kriteria som skal til for at vi skal rykkje opp, legg han til.

Eirik Bakke og Marius Bøe på trening

PÅ TRENING: Eirik Bakke og Marius Bøe leiar treningane i Sogndal etter at Ian McParland reiste frå klubben.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kan bli intern løysing på trenarkabalen

Sportssjef Håvard Flo stadfestar at dei no jobbar med fleire forsterkingar, og at ein av desse er ein kantspelar. Han opnar samstundes for at det kan dukke opp fleire nye fjes på Fosshaugane dei neste dagane.

– Om det blir ein eller to, det får vi sjå på. Men vi håpar det skal bli ei løysing før overgangsvindauget stengjer, seier han.

Klubben jobbar parallelt med erstattar for assistenttrenar Ian McParland, som brått bestemte seg for å reise heim att til England. Her ønskjer Sogndal å bruke meir tid på å bestemme seg for kva dei vil gjere.

– På kort sikt er eg ikkje uroa. Det er viktig at vi får inn ein person som passar i det Sogndal Fotball skal vere. Så må vi også sjå på om vi går for ei intern løsying, men det må vi ta ein runde på klubben, seier Bakke.