NRK Meny
Normal

Cecilie er der når livet tek til - pappa Eirik er der når livet har teke slutt

Dei jobbar i kvar sin ende av livet, Cecilie Kvamme Berge og faren Eirik Kvamme. Men jobbane som jordmor og gravferdskonsulent har kanskje meir til felles enn du trur.

Eirik og Cecilie

KONTRASTAR: Medan Eirik Kvamme er i sjukehuskapellet for å gjere klar til minnestund for ein person som er død, jobbar dottera Cecilie Kvamme Berge på fødeavdelinga i 5. etasje.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Vi pleier å tulle litt med det om kven av oss som er i byrjinga og kven som er i slutten av livet. Presten seier jo «Herren bevare din utgang og din inngang» både ved dåp og gravferd. Og for at det skal vere ein inngang i neste liv, må det jo ta slutt her, ler Kvamme, som har drive gravferdsbyrå i 40 år.

Dottera Cecilie Kvamme Berge er jordmor ved fødeavdelinga på Førde sentralsjukehus, og smiler av faren sine ord.

– Det kjem vel litt an på kva ein trur det då, smiler Berge.

Tyngst med dei små

Berge er i kapellet ved Førde sentralsjukehus. Ein far og ein bestefar har gått bort, og det skal gjerast klart til minnestund i kapellet. Under kisteloket ligg to nevar falda. Nevar som har trøysta og bore, stroke og slite. For siste gong.

Fem etasjar over er fødeavdelinga ved sentralsjukehuset. Eit hektisk miljø der livlege jordmødrer småspring i gangane. Nesten kvar dag hjelper dei nye verdsborgarar fram.

I løpet av dei 14 åra Berge har jobba som jordmor, har det mest truleg skjedd at faren har vore i kapellet ved sentralsjukehuset for å ta hand om nokon som har gått ut av livet samtidig som ho har teke imot eit nytt, lite menneske fem etasjar over.

– Men eg har aldri opplevd at Cecilie har ringt og meldt inn eit dødsfall på føden til meg, understrekar Kvamme.

Han har jobba med døden sidan 1974, men framleis pustar han litt tyngre når han må ta vegen til fødeavdelinga med ei barnekiste.

– Det er noko av det mest meiningslause som skjer, når foreldre må leggje borna sine i kiste, seier Kvamme, og ser ned.

I desse dagar er det 40 år sidan Kvamme starta Fjordane begravelsesbyrå. Noko som skjedde meir eller mindre tilfeldig.

– Eg flytte tilbake frå Bergen i 73/74. Faren min hadde drosjeløyve, så eg køyrde for han. Den gangen var det ikkje noko gravferdsbyrå i fylket, minnest Kvamme.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eirik Kvamme

MINNE: Etter 40 år i gravferdsbransjen har Eirik Kvamme mest av dei gode minna att. – Vi opplever ei utruleg takksemd frå pårørande, seier Kvamme.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Måtte skru laus seta i bilen

Viss ein trengde transport av døde, om det skulle vere frå heimen til kyrkja, eller frå sjukehus i Bergen og heim til heimstaden, så var det drosjane som fekk det oppdraget.

Men for å få plass til ei kiste, måtte bakseta skruast ut av bilen. Ein stor jobb som få var lystne til å ta når køyreturen var kort.

– Langturane, derimot, kappast vi om å ta, fortel Kvamme.

Ein gut kom bort og spurte om det var pappaen min som hadde den rare bilen. Likbilen. Eg kunne ikkje fordra det ordet, og eg hugsar at det kosta meg litt å svare ja på akkurat det.

Cecilie Kvamme Berge

Dermed tok han ei avgjerd som har følgt han og familien heile livet. 28-åringen registrerte Fjordane begravelsesbyrå som firma, for ein måtte nemleg eige firma for å få kjøpt ein bårebil.

– Det var eigentleg veldig tilfeldig at eg starta med dette her, seier Kvamme.

Men med bårebil på plass, var første steg teke. Men det skulle bli motbakkar. Bratte motbakkar. For ein snur ikkje opp ned på folk sine vanar over natta.

– Vi sleit veldig for å få folk til å bruke gravferdsbyrå. Eg hugsar at vi hadde 18.000 i omsetnad første året. Det dekte ikkje bilen ein gong, seier Kvamme, som måtte køyre drosje på si for å få hjula til å gå rundt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fødeavdelinga

GODE MINNE: – Nøyaktig kor mange born eg har teke i mot, har eg ikkje tal på. Men det ligg nok rundt 800, seier jordmor Cecilie Kvamme Berge.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Trengde berre kiste

Folk flest var ikkje vane med å ha noko gravferdsbyrå inn i biletet. Dei trong ei kiste når døden hadde vitja. Ferdig med det. Blomar kunne ordnast sjølv. Resten ordna presten.

Men Kvamme hadde trua. Han visste allereie i 1974 at Førde sentralsjukehus kom til å komme i 1979. Det var eit krav frå fylkeskommunen om at det måtte vere eit gravferdsbyrå på plass innan dess. Kvamme satsa alt på at det skulle bli slik.

– Men det var slitsame år. Eg dreiv åleine i mange år før eg kunne tilsetje ein person, seier Kvamme.

I 1981 etablerte dei ein filial i Florø også, noko som har betydd mykje for satsinga.

– Det har vore ei viktig avdeling for oss. Florø har alltid vore den største av byane, medan Førde har større omland, seier Kvamme.

Det var så mange ulykker langs Jølstravatnet på slutten av 1970-talet, mykje tragedie.

Eirik Kvamme

Trass i 40 år i bransjen, hugsar Kvamme namnet på kvar einaste ein han har vore med og stelt til gravferd. Men nokon ting sit meir fast enn andre.

Veslejulaftan 1977 er ein slik dag. Tre søstrer på 18, 20 og 21 år skulle heim til Askvoll på juleferie. Men ferda langs Jølstravatnet enda på det mest tragiske vis. Dei tre søstrene mista livet då dei køyrde ut i Jølstravatnet. Også eit søskenbarn av søstrene omkom i ulykka.

– Slikt gløymer ein ikkje. Sjølv så mange år etter, sit det som spikra, seier Kvamme, og ser litt vekk.

For sjølv om han har jobba med døden lenge, så gjer det inntrykk når unge døyr. Det vert aldri daglegdags.

Vart naturleg del av livet

– Det var så mange ulykker langs Jølstravatnet på slutten av 1970-talet, mykje tragedie, seier Kvamme.

Han minnest også godt rasulykka på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal der New Jordal Swingers mista fire av bandmedlemmene sine i 1982.

– Eg vart ringt opp av politiet og forstod det var alvorleg. Den eine omkomne hadde vorte frakta inn i ei ambulanse. Dei bad meg komme ut så raskt som råd, hugsar Kvamme.

Same år som Kvamme starta gravferdsbyrå, vart Cecilie fødd. For henne har pappas jobb vore ein naturleg del av livet. Men Kvamme har vore klar på å skjerme Cecilie og systera i så stor grad som mogleg.

– Eg hugsar vi var på ei bransjesamling, og alle sat og snakka om kor tungt yrket deira var for familien. Eg og kona mi Aud var medvitne på akkurat det, seier Kvamme.

Difor var det i alle år to telefonlinjer inn til familien Kvamme. Telefonen på eine sida av gangen var berre til gravferdsrelaterte saker. Den som stod på andre sida var familietelefonen.

– Vi reflekterte ikkje så mykje over det, det var berre slik det var, seier Berge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eirik Kvamme

STERKT: – Vi møter pårørande i ei svært krevjande tid. Då er det viktig at vi gjer jobben vår på ein slik måte at vi hjelper dei så godt vi kan, seier Eirik Kvamme.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Han med den rare bilen

Mange som har jobbe i gravferdsbransjen har opplevd at borna deira vert mobba på grunn av det. Cecilie hugsar berre éin episode.

– Eg skulle på kino og då kom det ein gut bort og spurte om det var pappaen min som hadde den rare bilen. Likbilen. Eg kunne ikkje fordra det ordet, og eg hugsar at det kosta meg litt å svare ja på akkurat det. Og så var det vel nokon som erta meg litt med at pappa alltid gjekk med dress og slips, seier Berge.

Før gravferdsbyrået flytta inn i nye lokale, med parkeringskjellar, stod bårebilane parkerte i ein garasje på foreldra sin eigedom.

– Eg hugsar at venninnene mine ikkje ville gå ned til garasjen eller forbi han når det var mørkt. Det tykte dei var litt skummelt, ler Berge.

At ho skulle bli jordmor var ho eigentleg ganske klar på allereie som 7-åring, då ho høglydt proklamerte at ho skulle jobbe med babyar når ho vart stor.

– Eg var målretta og tok sjukepleien for å bli jordmor, seier Berge, som både har jobba på Haukeland universitetssjukehus og på Rikshospitalet, før ho i 2004 kom heim til Førde og tok til på sentralsjukehuset her.

Jordmor Cecilie

GLER SEG: – Eg har ein utruleg takknemleg jobb, seier jordmor Cecilie Kvamme Berge. Ho har for tida permisjon frå fødeavdelinga ved Førde sentralsjukehus, men er tilbake på jobb der i september.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Entusiasmen framleis like stor

I løpet av 14 år har ho fått teke del i augneblinken der nye nordmenn ser dagens lys. Stort sett ei oppleving prega av glede.

– Vi får jo vere med på noko av det største som eit par opplever i livet. Det er fantastisk, seier Berge.

Men når eit spedbarn tek sitt første gisp av luft og sender eit velkomme skrik til verda, har jordmor i einskilde tilfelle allereie hatt ansvar for to liv i fleire timar. Sjølv om ein etter 14 år som jordmor har sett mykje, er entusiasmen like stor når eit nytt liv kjem til verda.

– Det hender vi kjem opprømte inn på vaktrommet og seier «dette skulle du vore med på, ho var sååååååååå flink». Og ofte når eg sit og gjer papirarbeid etter fødselen, så søkk det veldig inn kva eg har vore med på, seier Berge.

Når det døde barnet er ute, er det ei stille utan like. Det er liksom berre mi stemme i rommet. Og korleis foreldra reagerer, er heilt umogleg å vite.

Cecilie Kvamme Berge

Ingen fødsel er lik, og nokon fødslar hugsar jordmora betre enn andre.

– Eg hugsar ein gong i Bergen der ein far ringde og sa at dei var like rundt hjørnet, og at dei hadde fått beskjed om å bli heime, men at han ikkje torde det. Så høyrde eg lydane frå mor, og bad dei komme i mottak. Då eg kom ut i bilen, sat mora med barnet mellom hendene. Faren var drivkvit i ansiktet og tviheldt i rattet, minnest Berge.

Både far og mor var meir eller mindre i sjokk fordi fødselen hadde skjedd så raskt.

– Idet vi er på veg opp på avdelinga, seier faren: Kva seier svigerfar no? Det var nemleg hans bil. Då måtte eg berre seie at no får vi ta dette først, så får vi ta bilen etterpå, seier Berge og smiler.

Kom susande ut i heisen

Medan mange fødslar kan dra ut i tid, er andre over i rekordfart. Som den gongen Berge tok ho imot ei ung jente og mora hennar i mottak. I heisen på veg opp til føden, bad jenta om smertestillande.

– Vi skal hjelpe deg når vi kjem opp, sa Berge, men jenta signaliserte med heile seg at så langt kom dei aldri til å komme.

– Ta av meg buksa, sa den fødande tenåringen.

– Eg drog ned buksa hennar og på ein-to-tre så var ungen ute. Det er jo slike hendingar som ein hugsar litt ekstra godt, seier Berge.

Sjølv om dei aller fleste fødslar går bra, er det også nokon som ikkje gjer det.

– Ting kan endre seg raskt. Vegen frå ein normal fødsel til ein hastesituasjon kan vere kort. Men då er ein heldigvis ikkje åleine. Vi har eit dyktig team av kollegaer som er der viss noko skjer, seier Berge.

Men nokre gongar er ikkje det nok. I 2012 vart det fødd 60.255 born. Same år var det 184 dødfødde, det lågaste talet som nokon gong er registrert i Norge.

Men for dei det rammar, hjelper det så uendeleg lite. Medan fødselen og møda ein fødande opplever, på ein måte gjev meining når «premien» er ein frisk, levande unge, finst det lite eller inga meining i å skulle føde eit barn som allereie er dødt.

– Mange får sjokk når dei får beskjed om det. Og det er tungt å motivere seg til ein fødsel som leiar fram til det du aller minst ønskjer, seier Berge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Btteliten

GLAD I: – Eg er oppriktig glad i jobben min. Å få vere med på noko av det mest fantastiske eit foreldrepar opplever i løpet av livet, er stort, seier Cecilie Kvamme Berge.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Når barnet er dødt

Kanskje er det nettopp då at jordmødrene gjer ein av sine viktigaste oppgåver. Når det vesle barnet har komme ut, og to foreldre i sorg skal prøve å bli kjende med, og ta farvel med den vesle – på same tid.

– Når ungen er ute, er det ei stille utan like. Det er liksom berre mi stemme i rommet. Og korleis foreldra reagerer, er heilt umogleg å vite, seier Berge.

Ho minnest eit tilfelle der ho vart ståande å halde på den vesle, livlause ungen. Mor var heilt utslegen, far var apatisk.

– Til slutt tok eg eit val, og la ungen opp i armane til faren. Han takka meg for det etterpå. Av og til må vi berre ta grep – og håpe at det vert rett, seier Berge.

Eg drog ned buksa hennar og på ein-to-tre så var ungen ute. Det er jo slike hendingar som ein hugsar litt ekstra godt.

Cecilie Kvamme Berge

Når det verste har skjedd, passar jordmødrene på å samle minne. Dei lagar små avtrykk av den vesle foten, tek bilete av barnet, og barnet i lag med foreldra.

– Alt det vi samlar på dei timane, det er alt dei har att etter barnet. Det er tøft å tenkje på, seier Berge, og vert blank i auga.

Døden vert aldri ein kvardagsleg ting på fødeavdelinga. Samtidig trur Berge at ho har med seg ei ballast frå livet i ein heim der døden stadig banka på.

– Eg er ikkje redd for å stå i det med folk, og eg ser på døden som ein naturleg ting. Det trur eg at eg har fått med meg heimeifrå. Eg er utruleg stolt av pappa og jobben han gjer, seier Berge.

Må blåse ut

Kvamme sjølv er nøye på at når døden har vitja, så skal gravferdskonsulenten på ein respektfull måte, ta vare på dei ønska som pårørande har.

– Det handlar om å møte pårørande der dei er, med verdigheit og respekt. Folk er forskjellige, reagerer forskjellig og har forskjellige behov, seier Kvamme.

Han legg vekt på å vere naturleg og vere seg sjølv.

– Ein må møte dei, vere medmenneske, gi dei ein klapp på skuldra og ein god klem, seier Kvamme.

Dottera nikkar attkjennande.

Det handlar om å møte pårørande der dei er, med verdigheit og respekt. Folk er forskjellige, reagerer forskjellig og har forskjellige behov.

Eirik Kvamme

– Det er kanskje der jobbane våre har største fellesnemnaren. Vi likar å jobbe med folk, og vi må vere fleksible og tilpasse oss folk, seier Berge, som kallar yrket sitt ein av dei mest takknemlege jobbane som finst.

Men det er ikkje berre på føden, pårørande er takksame for jobben som vert gjort. Kvamme mange gode minne om pårørande som har synt stor takksemd, midt i eiga sorg.

– Eg hugsar endå ei julaftan då det kom ein pappa heim til oss, som hadde mista sonen sin i ei helikopterulykke. Han hadde med eit stykke hjortekjøt til oss som takk. Han hadde heilt sikkert hatt meir bruk for å ha fått ein blomster heim sjølv, seier Kvamme, som framleis vert rørt av å tenkje på episodar som denne.

(Artikkelen held fram under biletet)

Endeleg kvile

I KAPELLET: – Det er viktig å møte pårørande med respekt. Ein må vere naturleg og seg sjølv, men ha respekt for det dei går gjennom, og støtte så godt vi kan, seier Eirik Kvamme.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Må ha litt glimt i auga

Men med så mange sterke opplevingar, må ein av og til lufte ut. Når døra er lukka, om det er til pauserommet på føden eller på gravferdsbyrået, så kan ein dele både sorger og gleder.

– Det er viktig å snakke om ting som ein går og ber på, seier Kvamme.

Og nokon gonger skjer det ting som heilt ufrivillig fører til at det kan bli ganske morosamt.

Som då Berge skulle passe telefonen på gravferdsbyrået, medan dei andre var ute på oppdrag. Telefonen ringde, og Berge svarte: Føden, det er jordmor Cecilie.

– Eg vart så forfjamsa då eg forstod kva eg hadde sagt, at eg la på på rein refleks, ler Berge.

Gravferdsbyrået opplever også ein del folk som ringjer og trur dei har komme til Fjordane reisebyrå (og ikkje Fjordane begravelsesbyrå), og som legg i veg med at dei vil bestille ei reise hit eller dit, utan å forstå at dei har komme feil.

– Då pleier eg å seie at vi ordnar rett nok reiser, men ikkje av den typen der, smiler Kvamme.