Hopp til innhold

Jobbar for seinare avgangar

Statens vegvesen jobbar for å få til seinare avgangar på ferjesambandet Smørhamn-Kjelkenes

Ferje smørhamn kjelkenes

FLYTTAR AVGANG: Vegvesenet vurderer å flytte ein av avgangane på ferjesambandet Smørhamn-Kjelkenes til seinare på kvelden.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Det nedlagde ferjesambandet Smørhamn-Kjelkenes vart sett i drift etter at Skatestraumtunnelen vart stengd på grunn av brann .

15. juli eksploderte ein hengar med bensin i tunnelen. Brannen førte til så store skadar at tunnelen blir stengd i eit halvt år framover. I mellomtida blir er ferjesambandet Smørhamn-Kjelkenes gjenopna og blir trafikkert med ei ferje. Mange har vore fortvila over at siste avgangen for dagen er 17. 45.

– Det har vi full forståing for seier Hans Christian Tveitsme som er ferjekoordinator i Statens vegvesen

Jobbar med ulike modellar

– Vi har fortløpande hatt dialog med Sogn og Fjordane fylkeskommune om dei utfordringane som er med rutetabellen, seier Tveitsme.

Då tunnelen vart stengd etter brannen klarte dei å få på pass ei ferje med skiftordning som gjorde at dei klarte få på plass ekstra mannskap midt i fellesferien.

– Seinast i dag (onsdag) har vi vore i kontakt med Fjord1 for å diskutere kva alternative løysingar vi kan få.

Skatestraumtunnelen blir stengd i eit halvt år

STORE SKADAR: Skadane i Skatestraumtunnelen er omfattande og vil ta mange månader å utbetre.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Flyttar avgang

I første omgang ser Tveitsme for seg ei løysing der ein flyttar ein av avgangane frå midt på dagen til seinare på kvelden.

– Vi ser no på ei løsying der vi legg inn ein pause midt på dagen. Samstundes må vi unngå konflikt med snøggbåten, og så må det vere slik at mannskapet kan gå ei veke om bord i slengen.

– Så her snakkar vi å flytte ein avgang og ikkje utvide med fleire avgangar.

– Ja, det er jo ein kostnad med dette. Skal vi utvide med fleire avgangar så vil det krevje meir mannskap som skal avløysast dagleg. Då må Fjord1 skaffe meir mannskap og det vil sjølvsag koste meir enn det som er i dag.

Kanskje fredag

Tveitsme håpar dei allereie i løpet av torsdagen skal kunne finne fram til ei løysing som gjer at ein kan få seinare avgangar enn i dag.

– Kanskje vi kan snu ruta allereie fredag morgon, slik at vi kan starte i Smørhamn, unngå konfliktar med hurtigbåt og lokalbåt i Smørhamn, og kanskje få til avgangar til klokka 20–21.