– Vi har fått på plass budsjettet, men vi jobbar med dei siste tala. Den totale kostnadsramma blir i overkant av tre millionar kroner, seier Ivar Bergset i Veten Idrettslag.
Hoppanlegget Bjørkelibakkane er ein del av Nordfjord Fritidssenter og ligg på nordsida av Nordfjorden om lag 600 meter over havet.
Hoppanlegget har fem bakkar i storleikar frå 15 til 90 meter. Det er Sogn og Fjordane sitt fylkesanlegg for hoppsport.
Gjennom ein utbyggingsperiode på 15 år har anlegget vakse fram ved hjelp av spelemidlar, samt med kommunal innsats når det gjeld vegframføring og parkering.
- LES OGSÅ:
Har fått tildelt spelemidlar
Dugnadsinnsatsen i anlegget har vore stor. No kan draumen om å få plast i 15 og 40 meters bakkane bli ein realitet.
– Vi har fått tildeling av spelemidlar, så no må vi søkje litt rundt omkring for å få på plass resten av midlane. Vi har hatt møte med mellom anna Stryn kommune og fylkeskommunen, og dei har vore positive, seier Bergset.
Han legg til at dei har god tru på at dette let seg gjere.
Dersom resten av midlane kjem på plass, satsar idrettslaget på å gå ut med anbodsrunde på våren.
– Vi tek sikte på at sjølve jobben skal gjerast sommaren 2013, seier Bergset.
- LES OGSÅ:
Trengst tilpassingar i to bakkar
Planen er å byggje om 15 og 40 meters bakkane til plastanlegg. Det krev litt modifikasjon av bakkane, samt opplegg for vatn.
– Det må gjerast tilpassingar, og spora i unnarennet må gjerast litt med. Men dette øydelegg ikkje bakkane for bruk på snø, seier Bergset.
Han har tru på at dette kan vere med på å auke rekrutteringa til hoppsporten i Sogn og Fjordane.
– Eg håpar at dette skal bidra til større rekruttering frå hiele fylket. Vi ser på dette som ei naturleg vidareutvikling av det anlegget vi har her i dag, seier Bergset.
Bakkane er del av Nordfjord Fritidssenter, og dermed har Bergset tru på synergieffektar.
– Vi har moglegheit til å tilby ei komplett pakke, seier Bergset.
- LES OGSÅ:
Har betydning for rekrutteringa
Leiar i Sogn og Fjordane skikrins, Yngve Thorsen, tykkjer satsinga er spennande.
– Det betyr mykje for hoppsporten både i Sogn og Fjordane og søre Sunnmøre at vi får eit plastanlegg. Frå før har dei eit kjempestort anlegg, plast vil bidra til å gjere det endå meir komplett, seier Thorsen.
Han peikar på at hoppsporten har utvikla seg til å bli ein helårsidrett, og skal ein få fram gode utøvarar frå Sogn og Fjorane, må anlegga halde tritt.
– Vi treng plastanlegg i tillegg til dei vanlege bakkane. Det er også ein kjempefordel å kunne rekruttere ungar til sporten på sommartid. Eg har tru på at det er lettare, seier Thorsen.
I utgangspunktet er skihopping ein smal idrett, men det er fleire oppegåande hoppmiljø i fylket.
– Både i Stryn og området rundt, på Hafslo og i Vik har dei gode miljø, i tillegg til på Langeland i Førde, seier Thorsen, som trur anlegget kan bli ein realitet.
NRK har førebels ikkje lukkast i å få ein kommentar frå ordførar i Stryn, Sven Flo.