Hopp til innhold

Jobbar for å få ut ubåtdokumenta

Forsvarsminister Grete Faremo har som siktemål å få frigjort alle dokument i samband med den omfattande ubåtsaka i Sognefjorden i 1972.

Grete Faremo

Forsvarsminister Grete Faremo gjekk langt i å svare at dokumenta vil bli frigitte under spørjetimen i dag.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Dette fortalde ho under Stortinget sin spørjetime i dag.

- Så lenge det ikkje vil vere i strid med norsk lov, vil dokumenta bli frigjorde. Openheit er viktig, ikkje berre med tanke på fakta, men også for å stoppe eventuelle rykte, seier Faremo.

Ubåtjakt

Det var hausten 1972 at folk såg det dei meinte var ein ubåt i Sognefjorden. Marinen vart varsla, og observasjonane utløyste ei 16 dagar lang jakt med 16 marinefarty, fly og to britiske spesialhelikopter. Heile verdspressa strøymde til Sogn for å følgje den oppsiktsvekkjande ubåtjakta.

Det vart sleppt synkeminer og avfyrt rakettar for å tvinge ubåten opp. Men ingenting skjedde.

Mykje er hemmelegstempla

Ubåtjakt i Sognefjorden.

Marineskipet 'Trondheim' sette med ein gang med søk - og kring ein time etter observasjonane vart det sleppt synkemine i same område

Foto: NRK
Leiting etter ubåt i Sognefjorden i 1972
Foto: NRK

Det er framleis ein god del informasjon om ubåtaksjonen i Sognefjorden i 1972 som er hemmelegstempla. Det gjeld mellom anna dokument som inneheld tryggleiksmessige og operative forhold i samband med sjølve aksjonen.

Forsvaret har i nedgraderte dokument hatt som hovedhypotese at den den ukjende ubåten var russisk, og at han var i Sognefjorden for å finne ut om dette var ein eigna stad for å skyte ut atomrakettar mot USA.

Kort frist

I dag var det ein offenstiv Peter Gitmark frå Høgre, medlem i Forsvars- og utanrikskomiteen, som kravde at alle dokument i ubåtsaka må frigjevast. Og forsvarsministeren gjekk langt i å svare at dokumenta vil bli frigitte. Gitmark gjev ho no eit kort frist på å figje dei siste dokumenta.

- Eg ville sagt i løpet av eit par veker. Viss ikkje, så må saka opp i Stortinget på nytt.