NRK Meny
Normal

Jobba heile natta for å få fiksa sjøkabelen

Fiberbrotet i ein sjøkabel i Bremanger er no fiksa og alle abonnentar skal ha fått tilbake både breiband og mobilsamband.

M/S Nordkabel

LANG VEG: Kabelskipet M/S Nordkabel kom heile vegen frå Harstad for å reparere sjøkabelen.

Foto: privat

Ved 11.30-tida søndag føremiddag opplyser skipper Bernt-Otto Tande på kabelskipet at dei har fått erstatta sjøkabelen.

– Oppdrag utført. No skal alt vere i skjønnaste orden. Det som står att er å ta kabelen til land og kople den til, seier skipper Tande hjå Seaworks.

Etter uvêret tidlegare i veka vart det fiberbrot i ein sjøkabel kring 2,5 kilometer frå Kalvåg i Bremanger. For å rette feilen var ein avhengig av eit kabelskip med spesialmannskap.

Frykta kabelen låg på det djupaste

Inntil sjøkabelen vart reparert var ein del abonnentar på Frøya utan mobilsamband. I Kalvåg var 104 abonnentar utan breiband, men hadde mobilsamband. Også i Svelgen var det eit område som var utan mobildekning.

Fekk fiksa kabelen

FIKSA: Det tok tid å reparere sjøkabelen, men like over klokka 17 søndag hadde alle Telenor-kundane fått tilbake breibandet.

Foto: M/S Nordkabel

Tande fortel at dei lenge frykta kabelen låg på det djupaste, noko som kunne gjort arbeidet vanskeleg for dei. Det gjorde den heldigvis ikkje.

Feilen vart funne på om lag 20–30 meter. Med hjelp frå dykkarar og miniubåt (ROV) klarte dei å lokalisere kabelen og byrja arbeidet med å skøyte i 21-tida laurdag kveld.

– Så no har vi halde på heile natta. Det tek litt tid, men det har gått bra, seier han. Vêret var ein god del finare enn det har vore tidlegare, seier Tande.

Tidkrevjande å fikse

Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, er glad for at sjøkabelen no er i orden att.

– Det er krevjande når slikt skjer, og det tek tid. Både fordi det berre er to kabelskip i Norge, samt at arbeidet er vêravhengig, seier Amundsen.

Bjørn Amundsen

I ORDEN: Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, stadfestar at alle kundane skal ha fått att både mobilsamband og breiband.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

To basestasjonar var ute i Bremanger, på grunn av kabelbrotet, samt at 118 breibandkundar var utan nett. Nøyaktig kva som var årsaka til at kabelen rauk, er førebels ikkje kjent.

– Eg har ikkje sett nokon rapport på det endå. Nokre gonger ryk kabelen fordi han vert gnidd mot sjøbotnen. Andre gonger kan det vere ei not eller noko som har vore borti, seier Amundsen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.