Hopp til innhold

Jerveskyttaren må ut med 20.000 kr

Johan Berge fekk ikkje gjennomslag for at han i 2008 skaut ein jerv i naudverge, då saka hans var oppe i Fjordane tingrett.

Jerv i Oppstryn

JERVEN: Denne jerven vart skoten i Skjeringsdalen på Strynefjellet i juli 2008.

Foto: Ingolv Folven

Sjølv om det vert lagt til grunn at sauene var under direkte angrep, meiner retten at Berge med enkle grep kunne ha berga sauene - utan å skyte rovdyret.

Retten meiner Berge i staden kunne ha reist seg i terrenget, ropa eller losna skremmeskot.

- Ut frå måten tiltalte hadde utrusta seg på, og korleis dei for fram denne natta heilt til jerven vart skoten, så meiner retten at det heile verkar meir som posteringsjakt av jerv enn eit tilsyn av sauer, konkluderer Fjordane tingrett.

Var på fjellet for å overvake sau

Berge vart i 2008 ilagd ei bot på 10.000 kroner, etter at han skaut jerven. Han nekta å betale bota, og hevda at han handla i naudverge og for å beskytte sauene.

Saman med Paul Egge var han i juli 2008 på Strynefjellet for å overvake saueflokken, utan at dei hadde fått godkjend løyve til å felle jerv.

Det enda med at Berge på 50-60 meters hald skaut jerven, då rovdyret var i ferd med å angripe saueflokken.

LES OGSÅ:

- Kunne ha handla annleis

Retten meiner å ha haldepunkt for at Berge kan ha handla medvite, og ut frå eit ønske om først og fremst å avlive jerven - og at han kunne ha beskytta saueflokken utan å drepe dyret.

Overfor retten har Berge forklart at han ikkje vurderte andre alternativ, og at det ikkje var tid til å gjere noko anna enn å skyte.

Aktor la ned ein påstand om 12.000 kroner i bot. Retten meinte dette var for mildt, og sette straffa til ei bot på 20.000 kroner - subsidiært fengsel i 30 dagar. I tillegg kjem sakskostnadene på 15.000 kroner.