Hopp til innhold

Jerven si friarferd enda på E39

Den unge hannjerven var truleg på friarferd då han enda sine dagar på E39 mellom Sande og Vadheim. Ein slik skjebne har ikkje ein av fylkets fremste rovdyrekspertar høyrt om tidlegare.

Jerv påkøyrd på E39 mellom Sande og Vadheim

ENDA SINE DAGAR PÅ E39: Den unge jervehannen enda sine dagar på E39 mellom Vadheim og Sande ein gong tidleg torsdag morgon.

Foto: Rune Indrebø

– Det må vere første gong eg opplever at ein jerv har blitt påkøyrd i Sogn og Fjordane, seier Rein Arne Golf som er rovviltansvarleg i Statens Naturoppsyn i fylket.

Det var avisa Firda som først skreiv om den noko spesielle dyrepåkøyrsla ved Drægebø mellom Vadheim og Sande torsdag morgon.

Rune Indrebø i viltnemnda seier det vanlegvis er telefonar om påkøyrde hjortar og revar dei får, og legg ikkje skjul på at han gjorde store øyre då han fekk telefon i dag tidleg.

– Eg tenkte to ting. For det første at dette var litt spesielt, og for det andre at det er ei stadfesting på at det finst slike rovdyr også på våre trakter, seier Indrebø til NRK.no.

(Artikkelen held fram under)

Rune Indrebø i viltnemnda måtte hente påkøyrd jerv på E39

SPESIELT: Rune Indrebø trudde knapt sine eigne øyre då han fekk beskjed om kva dyr han skulle plukke opp i vegkanten på E39 torsdag morgon.

Foto: Privat

– Svært lite sannsynleg at noko slikt skal skje

Jerven er eit frykta rovdyr for bøndene, og landet rundt har bønder opp gjennom åra opplevd å miste husdyr på beite til jerven. På landsbasis er det mellom 350 og 400 individ.

Ifølgje Rein Arne Golf blir det kvart år registrert 5–6 jervar på besøk i Sogn og Fjordane. Hittil i år har dei registrert mellom tre og fire eksemplar av det sky rovdyret.

At eit av desse dyra altså skulle ende sine dagar i ein påkøyrsel er dermed ganske så spesielt.

– Eg trur det er tilfeldige omstende som gjer at ein bil og ein jerv har møttest på ein så uheldig måte.

– Kva er oddsen for at dette skulle skje?

– Den oddsen er så liten, at eg ikkje hadde satsa på den, humrar han.

(Artikkelen held fram under)

Eine framlabben på jervehannen som vart påkøyrd på E39

SLAGKRAFTIG: Jerven er ganske slagkraftig, og brukar dei kraftige framlabbane sine til å rive i stykke byttet sitt.

Foto: Rune Indrebø

Sauer på beite like ved

Rune Indrebø i viltnemnda fekk jobben med å plukke med seg den døde jerven. Han fortel til NRK.no at det er ein hannjerv som ser ut til å vere to år gamal. Frå snute til haletipp er den vel ein meter lang og rundt 15 kilo.

– Mest truleg var han på veg sørover, mot Guddalen og den retninga, fortel Indrebø.

Han seier jerven vart påkøyrd like i nærleiken av eit beiteområde, der små og store kvite ulldottar allereie har kome ut i vårsola.

– Hadde han kome seg over elva hadde han kome til ein flokk med sauer og små lam som låg på bøen like bortanfor, seier Indrebø til NRK.no.

Blir ein del av forskinga

Men Rein Arne Golf trur ikkje jerven i hovudsak var ute etter sauene.

– Eg trur han var på leit etter dame, og då kan jerven gå over svært lange avstandar.

– Men når han er på damejakt må han også ha mat. På denne årstida finn han rikeleg med mat i naturen, så det er ganske tilfeldig om dei tek sau eller ikkje. Men eg trur ikkje dei oppsøkjer sauene for å få tak i mat, seier Golf til NRK.no.

Indrebø tok med seg jerven heim, der han fekk pent plass i frysaren. Slik skal han bli teken godt vare på fram til han i ettermiddag blir send til Lærdal for nærare undersøkingar.

– Det blir no teke DNA-prøver av jerven, og vi vil prøve finne ut om dette er eit dyr som har vore registrert tidlegare i Norge eller Sogn og Fjordane.

– Dette er med å kartlegge bestanden av jerv i Norge, og vi er difor svært glade for å få inn meldingar om slike hendingar, seier Golf.