Når vinteren nærmar seg sikrar jerven seg mat, og gøymer den i steinurene, seier rovviltkontakt i Luster kommune, Einar Fortun.
Medan sankelaga i Skjolden og Luster henta ned sauene sine frå sommarbeite, vart bøndene vitne til at den uhyre profesjonelle drapsmannen i fjellet hadde vore i aksjon. Tre dyr låg døde, og eit lam måtte avlivast fordi det gjekk rundt med sundrive hovud og tarmane hang ut av magen.
Lette kjenneteikn
Rovviltkontakt Einar Fortun seier det er liten tvil om at det er jerven som har drepe. Som regel tek han eit kraftig bitt over nakken og eit nasebit. Dessutan har han så kraftig kjeve at han knuser beina på sauene, seier han.
Tidlegare i sommar såg ein bonde tre jerveungar i området. Og det er liten tvil om at det er ein jervefamilie som herjar i området, seier Fortun.
Ikkje fleire tiltak
Seksjonssjef Terje Bø i Direktoratet for naturforvaltning seier at dei ikkje vil sette i verk ytterlegare tiltak for å bli kvitt jerven.