Hopp til innhold

Jerven har gjort rekordlite skade

Sauer og lam har i år fått gå i fred på sommarbeite. Det er lenge sidan det har vore så lite rovdyrskade på beitedyr.

Jerv

LITE SKADE: Jerven har denne sommaren gjort rekordlite skade på dyr som er på beite.

Foto: BBC

Nokre dagar etter at fristen for å melde inn om skade på beitedyr er konklusjonen klar: Det er lenge sidan det har vore meldt om så få rovdyrskadar, skriv Sogn Avis.

Hermund Mjeldstad som er seniorrådgjevar for miljøvern hos Fylkesmannen seier det berre er kome inn 35 søknader om erstatning på grunn av rovdyrskade.

Tidlegare år har talet vore opp mot 100 søknader og Mjeldstad seier til avisa at det er mange år sidan talet har vore så lågt.

Ein stor del av søknadene om erstatning kjem frå Luster. Dette er eit område der det tidlegare ar vore registrert mykje skade med jerv, seier Mjeldstad til Sogn Avis.

Uttaket av seks jervar i vår, i tillegg til avlivinga av ei tispe og to kvalpar i eit hi er etter alle solemerke den viktigaste forklaringa på at tapstala for beitedyr har gått ned.

Bondelagsleiar Per Hilleren sa i helga til NRK.no at han frykta tapstala kan kome til å blomstre opp att til neste sommar. Årsaka er at det i år er registrert rekordmange kvalpekull av jerv.

Mellom anna er det registrert fire kvalpekull i Oppland, eit område som ligg like i nærleiken av viktige beiteområde i Indre Sogn.

– Dette er nokre av dei tyngste saueområda vi har i Sogn og Fjordane.

– Jerven går lett over fylkesgrensa om han vil det, han let seg ikkje stogge av fylkesgrensa, sa Hilleren til NRK.no i helga.