Hopp til innhold

Jerven drep færre sauer

Ei storstilt nedskyting av jerv i Sogn og Fjordane har truleg redusert tapstala drastisk.

Jerv

Jerven ser ikkje ut til å ha gjort dei store skadene til no i år. Men sommaren og hausten er framleis lang...

Foto: Asgeir Kvalvik / Scanpix

Så langt i år har ikkje rovviltkontaktene fått inn ei einaste melding om sau drepne av jerv. Til samanlikning var det same talet over 600 i 2009.

- Det har gått overraskande bra. Heldigvis, seier rovviltkontakt i Sogn og Fjordane Bondelag, Jon O. Nummedal.

Rekordår i fjor

- Det er mykje ekstraarbeid og opplevingar med det. Å sleppe alt dette er berre positivt. Vi får berre håpe at det held fram og at skadebiletet ikkje aukar utover hausten, seier Nummedal.

I fjor vart det betalt ut 1,8 millionar kroner i rovviltskader i Sogn og Fjordane - den største årlege utbetalinga nokon gong. I nesten tre av fire tilfelle var jerven syndaren.

Målretta utskyting

Nummedal trur målretta utskyting av jerv er hovudgrunnen til utviklinga.

Dei to siste vintrane er det skote 12 jerv i fjordfylket.

- Det er klart at uttak hjelp. Det har vi sett fleire år attende, men det er jo også stor tilførsel austfrå. Jerv kjem her stadig og jerv her her. Uttak er heilt naudsynt for å halde skadebilete i sjakk, seier Nummedal.

- Hausten er lang...

Også fungerande fylkesmiljøvernsjef Johannes Anonby trur utskytinga er hovudårsaka til utviklinga.

Han poengterer likevel at sommaren og hausten framleis er lang, og at mange sauer kan bli drepne av jerv.

- Desse rovdyra er svært mobile og streifer over store område slik at det kan fort dukke opp streifdyr. Vi kan ikkje ta noko for gitt, seier han.