Hopp til innhold

Jervejakta er avslutta

Tre nye jervar vart skotne denne veka.

Jervar felt i Sogn 15.04.09
Foto: Rein Arne Golf (Statens Naturoppsyn)

- Onsdag vart det teke ut ei tispe og to ungar på halvøya mellom Årdal og Luster, nærare bestemt i Krokadalen, seier Rein Arne Golf som er rovviltansvarleg for Statens Naturoppsyn i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Les og: Ytterlegare to jervar felt i Sogn

Sju totalt

Med dei fire hannjervane som vart avliva i same området før påske har Statens Naturoppsyn no teke ut sju jervar, og dermed er jakta ferdig for denne gongen.

- Med desse har me utført oppdraget me fekk frå Direktoratet for naturforvaltning, seier Golf, som likevel trur det kan vera meir jerv i området.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rein Arne Golf

Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn.

Foto: Dag Harald Kvammen Anderssen / NRK

Held fram med å leite

- Me kjem til å halda fram med sporing og innsamling av ekskrement for å finna ut kor mange dyr det kan vera totalt. Me har fleire spormeldingar, men om det er eitt eller fleire dyr kan me ikkje seia noko om, seier han.

Dermed kan det bli aktuelt med meir jakt framover, men ikkje med det første.

- Det går ganske lang tid før me får svar på dna-profilen til ekskrementa me samlar inn, og jerven går langt på kort tid. I fjor fann me ekskrement frå ein jerv dei hadde registrert i Setesdal berre 20 dagar før.

Sauene bør vere trygge

Golf meiner likevel at sauer på innmarksbeite bør vera trygge no. Både fordi jerven ikkje drep sauer i stort omfang før til hausten, og fordi den no går høgt i fjellet.

- Akkurat no lever jerven på rein- og rypekadaver og restar frå matlageret sitt frå vinteren, seier Golf.