Hopp til innhold

No dukkar sauekadavera også opp i Luster og Stryn

Det er ikkje berre i fjellområda mellom Lærdal og Årdal at jerven har herja i sommar. Måndag fann Ove Baggetun ti daude lam i Røykjedalen. – Med så mykje rovdyr i området, er det ikkje grunn å ha sauene på fjellet lenger, er oppmodinga frå SNO.

Lam drepe av jerv

STORE SKADAR: Eitt av lamma som vart funne i Røykjedalen måndag.

Foto: Statens Naturoppsyn

Sauebonden har i sommar hatt 708 dyr på fjellbeite, men fryktar å gå på sitt største sauetap sidan 2006.

Då forsynte bjørnen seg med 63 dyr frå saueflokken. Så langt i sommar har jerven teke 103 sauer i Årdal/Lærdal. No er det også stadfesta at jerven har teke fire kadaver i Stryn og åtte kadaver i Luster.

I tillegg er to kadaver i Luster så øydelagde at ein ikkje kan slå fast dødsårsaka. Også det er det truleg jerven som står bak.

– Når ein finn så mange som ti kadaver på eit lite område, så er eg redd for at vi ikkje har funne alt til no. Sauene går i eit stort område, seier Ove Baggetun.

Turgåarar som fann

Ut frå kadavera kan ein slå fast at jerven var i området for tre-fire dagar sidan. Det var turgåarar som kom over kadavera. Rovviltkontakt Einar Fortun var måndag oppe i fjellet for å sjå på funna.

Einar Fortun med lam som er drepe av bjørn.

SYNFARING: Einar Fortun såg måndag dei ti kadavera i Luster. Han er ikkje i tvil om at det er jerven som står bak åtte av dei.

Foto: MMS-foto: Arne Eithun / NRK

På grunn av eit aktivt jordbruk og stor bruk av beiteressursane, er det bestemt at det ikkje skal vere faste førekomstar av gaupe, jerv, ulv og bjørn i fylket.

– Det er det ikkje mykje tvil om. Åtte er dokumenterte at det er jerv, men det er rimeleg å anta at også dei to siste er tekne av jerv ettersom det er i same område, seier Fortun.

Såg spor i vinter

Fortun seier han ikkje er overraska over at jerven har forsynt seg frå beitande sauer også i Luster.

– Sidan det gjekk så lang tid før dei første meldingane kom, så hadde eg håpa at vi skulle unngå det i år. Men vi såg mykje jervespor i vinter, seier han og meiner det er ein og same jerv som står bak sauedrapa i Luster. Samstundes trur ikkje han det er same jerv som er i Luster som i fjellområda mellom Lærdal og Årdal.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Jerven har forsynt seg grådig av saueflokkane i sommar. Spesielt i fjella mellom Årdal og Lærdal der spente sauebønder i helga henta sauene sine heim.

SJÅ TV-SAK: Spenninga var stor då bøndene i Naddvik Sankelag i helga henta sauene ned frå fjellet. (FOTO/REDIGERING: Halvor Farsund Storvik)

– Jerven vandrar over store område, men her er det så pass lang avstand at eg trur ikkje at det er ein og same. Det kan vere det, men det er lite truleg.

Manglar mykje lam

Fortun er budd på hektiske dagar no som bøndene i Jostedalen for alvor tek til på sauesankinga. Neste helg er det fellessanking, men klok av tidlegare skader er Baggetun mellom dei som startar sankinga noko tidlegare.

– Det er frå august og utover at jerven drep sauer, seier han. Til no har han fått ned kring halvparten av sauene han har hatt i fjellet.

– Vi ser nokolunde i fjellet kor mykje som manglar, og eg ser det manglar mykje lam, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sau drepen av jerv

FLÅDD: Jerven har flådd halve lammet.

Foto: Statens Naturoppsyn

Fryktar kjempetap

Med så mykje dokumentert jerveskade i Indre Sogn på ein sesong, fryktar Baggetun at det kan vere meir enn ein jerv i fjella.

Onsdag startar lisensjakta på jerv, og Rovviltnemnda har bestemt at det fram til 15. februar skal fellast åtte jervar i regionen Sogn og Fjordane er del av.

– Eg fryktar kjempetap i år. Det kan bli like stort som i 2006 då vi hadde bjørn her. Då mista eg 63 dyr, seier Baggetun.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lam drepe av jerv

DOKUMENTERT: Det er lite tvil om at det er jerv som har drepe lamma.

Foto: Statens Naturoppsyn

– Start sauesankinga

Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn

SNO: Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn meiner det er tale om fleire jerv som no herjar i fjellområda i indre delar av fylket.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn sa måndag at jervetapa i år kan bli rekordhøge. Med dei nye stadfestingane i Stryn og Luster, oppmodar han no bøndene om å gå i gang med sauesankinga.

Golf trur det er tale om ein eller fleire jervar i Lærdal/Årdal og ein eller fleire jervar som står bak sauedrapa i Luster og Stryn.

– No er det i ein periode det er normal sanking, og det skulle ikkje vere så veldig stor grunn til å ha sauene oppe i området når ein veit at det er jerv i beiteområdet, seier Golf.