Hopp til innhold

Veteranen sine to råd til nykomlingane

Jerv-kaptein Glenn Andersen (37) er budd på alt anna enn tre lettkjøpte poeng når han vitjar Florø for første gang.

Glenn Andersen

FULLT MOGLEG: Glenn Andersen har lang fartstid i norsk toppfotball, og ser fram til å besøke Florø for første gang. – Eg veit lite om Florø, men eg ventar ein god gjennomgang med trenarteamet denne veka. Vi skal vere godt budde på det som møter oss, vedgår han.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Sørlendingane, som i fjor var berre minuttar frå å bytte plass med eliteserielaget Stabæk, er budd på ei tøff serieopning i 1. divisjon, søndag klokka 17.

– Vi har vore nyopprykka vi også, og veit at det aldri er lett å møte nyopprykka lag så tidleg i sesongen. Dei går på med utruleg entusiasme, seier Jerv-kaptein Glenn Andersen.

– Må ha trua

Med sine 37 år, og over 300 kampar i eliteserie og 1. divisjon, er det ein mildt sagt rutinert midtstoppar som skal leie gultrøyene i sesongens første seriekamp.

Laget frå Grimstad tok sjølv steget frå 2. divisjon til 5.-plass i 1. divisjon i 2015. I fjor vart dei nummer tre. To sesongar på rad har dei spelt kvalifisering om opprykk til eliteserien.

– Det er fullt mogleg å få ein kanonsesong, sjølv om ein er nyopprykka. Florø må berre ha trua på det dei driv med, og trua på seg sjølve. Så må dei vite at det berre er menneske som står på andre banehalvdelen, seier Andersen.

Fotballfeber

Vegard Gjermundstad

ERFARING: Vegar Gjermundstad (t.v.) har tidlegare spelt toppfotball for Lyn, Sogndal og Hønefoss. – Det er dette vi trenar og andar for å få til. No må vi vise gjennom 90 minuttar med fotball at vi fortener å vere her, seier han før Florø sin debut i 1. divisjon.

Foto: TRULS KLEIVEN

Få dagar før debuten i 1. divisjon er det fotballfeber i kystbyen. Kring 300 sesongkort er fordelte på yngre spelarar og frivillige. Like mange er selde. Det er over dobbelt så mykje som dei er vande med.

I Florø håpar dei på full tribune i helga. Det betyr kring 1.300 tilskodarar. Klubben har budsjettert med eit snitt på 600 tilskodarar.

– Eg berre gler meg. Vi har trena godt i tre månader. Er vi ikkje klare no, så blir vi aldri klare, seier Florø-kaptein Vegar Gjermundstad.

– Ingenting å frykte

Han er ti år yngre enn kapteinskollegaen i Jerv, og er tilbake i norsk toppfotball fem år etter at han spelte eliteseriefotball med Hønefoss. Sidan 2013 har 27-åringen kombinert utdanning med 2. divisjonsfotball med Førde og Florø .

– Nivået på norsk fotball er ikkje så høgt at dette er noko vi bør frykte. Vi skal spele vårt spel og vise at det også duger i denne divisjonen, seier 27-åringen.

– Målet er å halde seg, men det er ein jobb som må gjerast i kvar kamp. Det blir ingen lette kampar, legg Gjermundstad til.

Meir enn sju poeng

For å stå i divisjonen må ein truleg ta kring 30 poeng. I 2014 rykte HamKam ned med berre sju poeng. Det er den minste poengsummen sidan omlegginga til 16 lag i 2001.

– Den rekorden skal vi i alle fall ikkje ta frå dei, seier Gjermundstad, som både trur og håpar på langt fleire poeng.

– Toppnivået vårt er veldig bra, men botnnivået kan vere skrekkeleg. Vi må berre passe på at botnane ikkje varer for lenge, avsluttar han

Laster innhold, vennligst vent..