Jerv i Stryn og Jølster

Ein ny jerv er truleg på ferde i indre delar av fylket. I helga vart det observert spor av rovdyret både i Jølster og Stryn. Først vart det observert jervespor ved Flatsteinbu i Oldedalen, medan ein skigåar såg jervespor på breplatået mellom Larsnibba og Bings gryte i Stardalen. Spora er dokumenterte og SNO ser ikkje vekk i frå at det kan vere tale om same jerv. I slutten av april vart to jervar skotne i Luster.

Jervespor i Jølster
Foto: Privat/SNO