NRK Meny
Normal

Jerven gjekk Norge på langs - forskarane har aldri opplevd makan

Forskarane har spora ein hannjerv som i løpet av eitt år gjekk frå Tana til Sogn og Fjordane. Det er 125 mil berre i rein luftline.

Jerv i bymarka i Trondheim

GÅR LANGT: Jerven er ein vandrar, men det har aldri før vore registrert at ein jerv har gått så langt som frå Finnmark til Sogn. Denne jerven blei fotografert i Trøndelag.

Foto: Arkiv / Svein Wik / NRK

– Det som er spesielt er at den har gått veldig, veldig langt, seier Morten Kjørstad, leiar i Rovdata.

Hannjerven «Ind2869» kvir seg ikkje for ein langtur. I mai 2013 vart han registrert i Tana i Finnmark, året etter fann forskarane han igjen i området mellom Skjåk og Luster ved Sognefjorden.

– Det har vi funne ut ved at det kvar vinter blir samla inn jerveskit og jervehår over heile landet som vi analyserer for DNA. På den måten så kan vi følge individa og seie kor mange jervar vi har i landet.

Vandra 125 mil

Morten Kjørstad

HAR SPORA JERV: Morten Kjørstad er leiar i Rovdata.

Foto: Rovdata

– Om ein berre reknar avstanden i luftlinje, så snakkar vi om i overkant av 125 mil. Det er langt, og det er det lengste vi har klart å påvise av vandrings hos jerv.

– Kva veit vi om skjebnen til denne jerven?

– Den siste prøven vi har frå denne jerven var frå april i fjor. Men no bli det jo samla nye prøver, og det er sannsynleg at vi vil finne den igjen om den framleis lever. Om den skulle vere skoten i jakt, så vil vi jo finne ut av det også. Alle daude jervar blir levert inn til oss.

Veit ikkje kvar den er no

Dei siste sikre spora etter «Ind2869» er hårprøvar som vart funne i Skjåk kommune i april.

– Det er jo ikkje sikkert den slo seg ned der vi fann dei siste prøvene, kan jo hende at den har gått enda lenger. Det er velkjend at dei kan gå langt, men dette er den lengste vandringa vi har klart å påvise gjennom alle dei åra vi har overvaka jerven.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå