Jernbaneverket planlegg stor utbygging på Myrdal

Jernbana med slagordet «Ei av verdas vakraste togreiser» skal no bli tryggare og få endå betre utsikt med ny plattform og gangbru på endestasjonen.

Flåmsbana på Myrdal stasjon

NY: Myrdal stasjon skal byggast ut med ny plattform og ei gangbru som skal sørge for tryggare ferdsle mellom perrongane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er positivt at Jernbaneverket planlegg å oppgradere stasjonen på Myrdal. Det er det heilt klart behov for, seier Sivert Bakk som er driftsleiar i Flåm Utvikling.

Anna Widén-Björk

TRYGG: Prosjektleiar Anna Widén-Björk i Jernbaneverket seier dei byggjer for tryggleiken si skuld.

Foto: Privat

Jernbaneverket har no fått løyve til å starte planlegge ei stor utbygging av Myrdal stasjon, som er stasjon både på Bergensbanen og Flåmsbana.

Det var avisa Aurlendingen som skreiv om utbygginga først.

Det er først og fremst tryggleiken til passasjerane som er grunnen til at stasjonen skal byggast ut. Prosjektleiar Anna Widén-Björk i Jernbaneverket seier at dagens stasjon er for liten til å takle dagens trafikkmengd.

– Stasjonen er frå 1908, den gongen var det andre besøkstal og føresetnader. Sidan Flåmsbana ender opp på Myrdal så er det mange turistar som kjem for å sjå på utsikta. Det er viktig at dei kan kome seg trygt mellom plattformene, så ligg det og litt i tida å fjerne planovergangar frå jernbanenettet.

Myrdal ca. 1900

ANDRE BESØKSTAL: Anna Widén-Bjørk seier at det var lågare besøkstal og andre føresetnader då Myrdal stasjon vart opna i 1908.

Foto: O. Svanøe

Går i spora

Flåm og Flåmsbana er i dag ein av dei mest besøkte turistdestinasjonane i landet. I 2015 var det 781 000 besøkande og hittil i 2016 estimerer Flåm utvikling at 925 000 vil ha vore innom ved slutten av året. Widén-Björk seier at det fører til særskilde problem.

– Mange av turistane er nok ikkje er så vande med tog. Det er heller ikkje alle som har den same respekten for tog og for å gå i spora, som vi har. Den beste utsikta er i dag ytst på ein smal plattform. Ved å bygge ei overgangsbru med god utsikt, så håpar vi at skodelystne nyttar den i staden.

Turistar tek bilete frå Flåmsbana

VAKRAST: «Ei av verdas vakraste togreiser» skal no få endå vakrare og tryggare utsikt på endestoppet.

Foto: Sverre Hjornevik