Hopp til innhold

– Det føles godt at fleire veit kva som skjer med meg, kva som skjer i livet mitt.

På Sogndal vidaregåande skule snakkar elevar seg tryggare i eit nytt «Jentesnakk-prosjekt». Jentene møtast ein gong i veka for å få støtte og hjelp frå jamaldrande.

jenter illustrasjonsbilde

ILLUSTRASJONSBILETE: Jentene møtast ein gong i veka for å snakke om ting dei tenkjer mykje på.

Foto: sxc.hu

– Det har skjedd mykje med meg siste veka, og det var veldig fint å få snakke om det med andre, og at fleire fekk vite om det. Det følast godt at fleire veit kva som skjer med meg, kva som skjer i livet mitt.

Ei av jentene på Sogndal vidaregåande skule som NRK pratar med vil ikkje gå nærmare inn på kva hendinga var. Men det fekk ho snakke om i «Jentesnakk-gruppa».

«Jentesnakk» er eit samarbeid mellom Sogndal vidaregåande skule og vernepleiestudiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ein gong i veka møtest jenter frå den vidaregåande skulen for å snakke saman om ting dei tenkjer mykje på.

Mange vil nok spørje seg om ikkje jenter snakkar nok saman uansett, men slik er det nødvendigvis ikkje. For mange er nokre ting vanskelege å prate om med venner.

– Kjærasten min fekk vite kva som skjedde med ein gong, men elles har eg berre sagt det til ei venninne. Det var vanskeleg å komme fram med, og då er det fint å få prate med andre jenter som har opplevd noko av det same som meg, seier jenta til NRK.

Kjenner på store krav om å prestere

Miljøkoordinator ved Sogndal vgs., Line Aune Narvestad, helsesøster Linda Habbestad Skorve, og vernepleiestudentane Anette Liknes og Solveig Beckstrøm Fjellskålnes, leier møta.

Dei håpar samtalane kan hjelpe jentene til å verte tryggare på seg sjølv og styrke sjølvkjensla deira.

Deltakarane er sjølve med på å bestemme kva dei vil snakke om. Liknes fortel at for mange av deltakarane er det dei same tinga.

Solveig Beckstrøm Fjellskålnes

JENTESNAKK: Vernepleiestudent Anette Liknes har vore med å starta opp prosjektet.

Foto: Privat

– Mange ønskjer å bli meir utovervende, meir sjølvsikre, eller dei ønskjer å lære seg å ta i mot kompliment, og få betre sjølvtillit til å stå i mot presset frå omgivnadane om korleis dei skal sjå ut, seier Liknes.

Eit viktig tema på møta er nettopp prestasjonskravet mange ungdomar kjenner på.

– Ein skal vere populær, pen, godt trent, blond og sexy. Ein skal gjere det godt på skulen og ha den finaste kjærasten. Alt skal vere perfekt, seier ei av jentene som deltek på møta.

Ho held fram:

– Perfeksjon er det ingen som får til. Me strevar mot eit mål ingen kan oppnå. Det er eigentleg heilt latterleg.

– Eg er ikkje åleine

Miljøkoordinator Line Aune Narvestad legg vekt på at jentene skal lære å støtte kvarandre.

Dette er ein av dei viktigaste årsakene til at ho har tru på gruppesamtale som ein måte å arbeide på.

– I staden for at ein vaksen person seier kva dei skal gjere, kan det vere ein større effekt når jamaldrande seier kva dei meiner. Jentene skal få snakke med folk på sin eigen alder, samstundes som dei samtalar med nokon med fagleg kompetanse, fortel ho.

Dette er også det viktigaste for jentene som deltek på møta.

Du kjenner at du ikkje er heilt åleine i verda, og det er veldig godt. Det er så fint når nokon seier akkurat det du går rundt og tenker på, seier ei av deltakarane.

Eit tilbod for alle

Prosjektet er eit pilotprosjekt som skal evaluerast etter kvart. Så langt meiner Narvestad det har vore vellukka.

Line Aune Narvestad

VIL LAGE EIT LÅGTERSKELTILBOD: Miljøkoordinator Line Aune Narvestad

Foto: Sogndal VGS

– Me har eit mål om 10 deltakarar kvar gong, og har til no hatt 6–7 deltakarar på kvart møte. Men me har berre hatt tre samlingar, så det er for tidleg å seie noko om resultatet.

Ho understrekar at dette er eit tilbod for alle, og at dei arbeider med å normalisere kjenslene jentene kjenner på.

– Dette er eit lågterskeltilbod. Me prøver å normalisere det å komme hit. Det er heilt normalt at livet går opp og ned, og slik skal det vere. Det er normalt å ha dårlege dagar, og å kjenne på at ein er usikker og har dårleg sjølvkjensle, seier Narvestad.

Skal vere trygt

Nokre jenter dukka opp på møta av seg sjølv, medan andre blei oppfordra om å komme. Narvestad seier dei er svært strenge på at det skal vere trygt å snakke.

– Det som vert snakka om på møta, skal ikkje snakkast om andre plassar. Alle jentene må skrive under på ein teiepliktavtale. Det er viktig for å skape den tilliten som trengst for at folk skal opne seg, seier Narvestad.

Gutesnakk?

Konseptet «»Jentesnakk» er ikkje nytt. Metoden er utvikla av Astrid Henriksen, Heidi Thommesen og Rønnaug Sørensen i boka "Mer jentesnakk", som leiarane av møta nyttar seg av. Men kvifor ikkje gutesnakk?

– Forsking syner at jenter ofte er spesielt sårbare i denne alderen. Mange grublar ein del og tenkjer veldig mykje over ting. Basert på undersøkingar som er gjort av unge jenter på hybel, og unge jenter og psykisk helse, har ein sett at jenter slit meir psykisk enn gutar.

Ho held fram:

– Hadde me klart å starte ei gutegruppe hadde det vore veldig kult. Gutar sit nok inne med ein del spørsmål dei òg, som det kan vere flaut å snakke om med kompisar eller foreldre. Men i fyrste omgang har me valt å fokusere på jenter.