Hopp til innhold

Jente påkøyrd av lastebil

Ei 16 år gammal jente vart påkøyrd av ein lastebil på riksveg 15, like ved kyrkja på Nordfjordeid klokka 12.30 tysdag.

Jenta vart send til legesjekk, men ho vart berre lettare skadd.

Jente skal ha gått langs vegen, og var i ferd med å krysse vegen i eit fotgjengarfelt då lastebilen kom køyrande.

- Vi er i ferd med å avhøyre lastebilsjåføren, men det er for tidleg å seie om han kan vente seg ein reaksjon frå politiet, seier lensmann i Eid, Webjørn Moa.