Hopp til innhold

Jente på 12 påkøyrd – rusa bilførar mistenkt

Ei jente på 12 år som sykla i Høyanger sentrum vart i kveld påkøyrd. Føraren stakk av, men politiet har arrestert ein rusa mann dei mistenkjer køyrde på jenta.

høyanger

– Det er ei jente i 10–15 års alder. Bilføraren som køyrde på jenta stoppa ikkje, seier operasjonsleiar hjå politiet, Inge Værøy, til NRK klokka 21.10

Politiet er på veg til staden. Jenta blir no teken hand om av ambulansepersonell på staden.

– Meldingane våre går på at jenta er oppegåande, men vi kjenner ikkje til skadeomfanget, seier Værøy.

Meldinga om ulukka kom klokka 20.35.

Mann mistenkt for promille og påkøyringa

Like over klokka 21.30 melder politiet at dei har arrestert ein mann i 50-åra. Han er mistenkt for promillekøyring og for å ha køyrt på jenta på 12 år.

– Han vart teken i Høyanger sentrum. Vi hadde vitne til hendinga og fekk i tillegg eit nytt tips om mistenkeleg bilkøyring. Ein kollega i sivil, som var på ferie, tok kontroll på mannen til politipatruljen kom til staden, seier Værøy.

Operasjonsleiaren opplyser at det var utslag på alkometeret, og at mannen i 50-åra no er på veg til lege for blodprøve.

– Dette er ei alvorleg hending. Han trefte ei jente på sykkel. Heldigvis ser det ut til å ha gått bra. Jenta er på veg til kontroll på legekontoret i Førde, seier Værøy.