Hopp til innhold

Jente (15) held fast på forklaring i overgrepssak

Jenta på 15 år som melde ei valdtekt på Nordfjordeid til politiet i midten av juli, held fast på si forklaring.

Etterforsking Nordfjordeid Malakoff politi

ETTERFORSKAR FRAMLEIS: Tre personar jobbar framleis fulltid med overgrepssaka på Nordfjordeid. Dette biletet er frå den første morgonen etter ei jente på 15 melde ei valdtekt.

Foto: Øystein Torheim / NRK

– Ho har hatt det siste planlagde dommaravhøyret, og held fast på den forklaringa ho gav i det første avhøyret. Dei sikta og den fornærma kjem med ulike forklaringar, seier lensmann Webjørn Moa.

Det var natt til søndag 19. juli jenta politimelde ei valdtekt. To menn på 19 år og ein på 17 år er sikta for seksuell omgang med mindreårig, Dei har innrømt samleie, men nektar straffskuld.

25–30 vitne og timevis med videoopptak

Vebjørn Moa

LENSMANN: Webjørn Moa.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi driv framleis med etterforsking. Vi har i alle fall eit vitneavhøyr vi må ta i løpet av kort tid, og har også litt igjen på videoovervakinga vi går gjennom, seier Moa om status på etterforskinga.

Lensmannen opplyser at dei har avhøyrt mellom 25 og 30 vitne i saka. I tillegg har dei sikra seg timevis med videoopptak frå den aktuelle natta. Videomaterialet blir brukt til å forsøke å stadfeste opplysningar frå avhøyr med dei involverte partane og vitna i saka.

– Vi kan kontrollere forklaringar som folk har gitt, men elles ønsker eg ikkje å kommentere kva som har kome fram i forklaringane, seier Moa

Tre personar jobbar fulltid med saka

Ei stund jobba fem personar fulltid med saka, men dette er no teke ned til tre.

– Dei går gjennom avhøyra vi har gjort, for å sjå om noko er gløymt eller bør følgjast opp, i tillegg til at dei går gjennom resten av opptaka frå videoovervakinga, seier lensmannen.

Han opplyser at politiet snakkar jamleg med politiadvokaten som skal ta stilling til saka når Moa og kollegaane er ferdige med etterforskinga i slutten av september eller starten av oktober.

– Når vi sender saka til politiadvokaten, vil ho vurdere om ho vil halde oppe siktinga ho har kome fram til eller forandre den. Ho vil og vurdere om ho meiner det er andre etterforskingsskritt vi bør ta, seier Moa.