Hopp til innhold

Jens song for Jenny

Statsministeren gjorde stas på Gaular-ordførar Jenny Følling med bursdagssong.

Jens Stoltenberg

Jenny Følling fekk klem og bursdagssong av Jens Stoltenberg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Då Jens Stoltenberg vitja Gaular i dag, drog han i gong allsong med alle dei frammøtte. Det skjedde berre tre dagar etter at han sjølv runda 50 år.

Jens Stoltenberg
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

HØYR: Statsministeren synge

Glad orførar

Jenny Følling
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Og det sette ordførar Følling stor pris på.

- Dette var gjevt, sa 47 årsjubilanten etter songen.

Også Ingrid Øvretveit hadde ei god kjensle etter statsministerbesøket.

Ho ville gje Stoltenberg beskjed om dårleg skuleveg. .

- Eg meiner det var lovande det han sa etter at eg hadde snakka, seier ho.

- Viktig med veg

For Stoltenberg responderte.

- Arbeidarpartiet meiner det er viktig med satsing på veg, og eg skjønar godt at ein treng pengar til veg etter å ha høyrt på deg og køyrt gjennom fylket, seier Stoltenberg.