NRK Meny

Jenny Følling til Utvik og Breim

I morgon reiser fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til Breim og Utvik for å treffe dei som er råka av flaumen og informere om fylkesvegnettet og bruer framover etter flaumen. – Det er viktig for meg å møte innbyggjarane og sjå behova deira. Tapre og sindige folk som har fått heimane sine lagt i ruinar er klare for å ta Utvik tilbake, eg er så imponert over pågangsmotet, seier Følling. Ho reiser med fungerande fylkesrådmann Clara Øberg.

Jenny Følling i fylkestingssalen på Hermansverk
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå