Hopp til innhold

Jegerar gjekk seg vill

To jegerar måtte torsdag kveld hjelpast ned frå området kring Mannsbergvatnet i Årdal, melder politiet. Dei to hadde gått seg ville. Redningshelikopter kunne ikkje kome seg inn i området på grunn av vêret, og fem personar frå Norsk Folkehjelp vart sendt for å hjelpe. Dei to jegerane var våte og kalde, men ikkje skadde då dei vart berga kring midnatt.