Hopp til innhold

Jegerane uroa etter nytt smittetilfelle

Jegerane i fylket deler Mattilsynet si uro etter at det er påvist eit nytt tilfelle av den dødelege dyresjukdommen skrantesjuke.

Alf Erik Røyrvik

SKRANTESJUKE: Alf Erik Røyrvik, som er fylkesleiar i Norges Jeger- og fiskeforbund, ber hjortejegerane følge oppmodinga om å levere inn prøvar av dyr dei skyt.

Foto: Privat

– Når ein først har oppdaga nokre tilfelle, og det vert sette i gang ei slik prøvetakting, så fryktar ein at det skal dukke opp meier, seier Alf Erik Røyrvik som er fylkesleiar i Norges Jeger- og fiskeforbund.

Også denne gongen er sjukdommen oppdaga på ein villrein i Nordfjella i Lærdal. Det var der sjukdommen i vår for første gong vart påvist i Europa.

Snart startar hjortejakta

Torsdag 1. september startar hjortejakta. Flora og Gloppen har allereie varsla at dei vil ta prøvar hjort som vert felte i haust. Røyrvik ser ikkje vekk frå at jegerar i andre kommunar også vil ynskjer å få testa dyra dei skyt.

Nokre er nok svært uroa, medan andre igjen meiner dette er opphausa og kjem til å gå fort over. Ein håpar jo at dei sistnemnde skal få rett, men eg trur nok at dette er ein situasjon som vi som jegerar må ta på alvor.

Han fryktar ikkje at tilfella som så langt er påviste av den dødelege dyresjukdommen skrantesjuke, skal skremme jegerane frå å jakte.

– Nei, eg trur ikkje det i denne omgang. Det litt positive opp i dette er at det tatt svært mange prøver som ikkje syner sjukdom, seier Røyrvik.