Hopp til innhold

Jeger skadde seg i fjellet - måtte hentast med helikopter

Ein mann i 40-åra har skadd seg i ein fot i Hjelmelandsdalen på Eid. Mannen er teken med til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

Hjelmelandsdalen

SISTE: Klokka 16.20 melder politiet at luftambulansen har teke med seg mannen til sjukehus.

– Naudmeldinga frå personen vart fanga opp via ein jaktradio av andre jegerar, og det vart sett i gang søk etter personen i Hjelmelandsdalen, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Kai Myklebust.

Mannen var åleine, og meldingane tyder på at han kan ha brote foten.

– Han kom seg iallfall ikkje derifrå utan hjelp, seier Myklebust.

Var dårleg mobildekning i området

Politiet fekk melding om hendinga om lag klokka 15.22, og mannskap frå Røde Kors, politi og luftambulanse vart kalla ut.

– Vi hadde litt utfordringar med å få kontakt med mannen, då det var svært dårleg mobildekning i området, seier Myklebust.