Hopp til innhold

Jeger meiner han var 20 meter unna ulv

– Ei stor oppleving, seier jeger i 40-åra som meiner han støytte på ein ulv i Ramsdalsheia i Sunnfjord. Rovviltansvarleg trur ulven er svensk og på streif.

Ulv på Langedrag.

SÅG ULV: Jegeren fekk ei naturoppleving av dei sjeldne i Ramsdalsheia tysdag. Denne ulven derimot, held til på Langedrag.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Eg køyrde heilt bort og var berre 20 meter frå ulven. Eg fekk berre sjå den i 10–15 sekund, seier jegeren til Firdaposten, som først omtalte saka.

Mannen kunne ikkje sjå kva kjønn det var på ulven, men at det var ein ulv var han ikkje eit sekund i tvil om, ifølge lokalavisa.

Han observerte ulv ved vegen nær Byrkjeflat på veg opp til Ramsdalsheia i Naustdal rett etter klokka 12.00 tysdag.

Fylkesmannen er ifølge Firdaposten kontakta. Fylkesmannen fortel at rovviltkontakten vil følge opp.

Finne vitne

Det hender at unge hannulvar streifar ut frå sine naturlege område, på same måte som bjørn som kan dukke opp på nye stader frå tid til annan.

Regionalt rovdyransvarleg Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn seier til NRK at dei vil forsøke å finne vitne på at det verkeleg er ein ulv. Slik som kadaver dersom den går på sauer, eller ekskrement som dei kan få analysert.

Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn

OPPSYN: Regionalt rovdyransvarleg Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Og dersom det er ulv?

– Då gjer vi ikkje anna enn å registrere kvar han er og eventuelt skadeomfang. Så er det opp til forvaltninga.

Svenske

Rein Arne Golf meiner ulven er ein ung svensk hannulv på streif.

– På denne tida er det ein del ungulvar som reiser ut frå områda sine. Det kan vere tilfeldig kvar dei landar.

– Erfaringsmessig så reiser ulvane som er fødd i Norge, austover og inn i Sverige. Men det er ein del unge svenske ulvar som reiser vestover. Ulven i Naustdal for tre år sidan, kom frå Sverige, seier Golf.

– Kan ulven berre vere på visitt?

– Vi veit aldri kvar dei går. Tilgang på mat og make bestemmer. Men ein ulv kan gå over lange avstandar i løpet av eit døgn, seier Golf.