Blyhagl vart av miljøomsyn ulovleg å bruke i Norge frå første januar i år, og like før jakta starta no i haust kom også lova som gjorde det forbode å i det heile teke ha med seg blypatroner på jakt.
- Ei rett straff
Jegeren i Vik hadde i så måte lite å stille opp med då han overraskande fekk besøk av naturoppsynet for litt over ei veke sidan. Han hadde patroner både i geværet og i beltet. Mannen fekk 5000 kroner i bot. Ei streng, men riktig straff, ifølge politiadvokat ved Sogn og Fjordane politidistrikt Knut Broberg.
Illustrasjonsfoto: Scanpix
Hamstra blyhagl
Jegerar over heile landet hamstra billeg blyhagl like før forbodet kom ved nyttår. Difor trur Broberg at fleire liknande saker dukkar opp.
- Eg trur folk spekulerer i at risikoen for å verte oppdaga er liten, seier han.
- Jegerane er lovlydige
Men viltkonsulent i Norges jeger- og fiskeforbund, Webjørn Svendsen, er ikkje samd med politiadvokaten. Han vedgår at det er mange jegerar som har det ulovlege blyhaglet, men han trur at minst like mange framfor jaktsesongen skaffa seg lovlege patroner.
- Etterspurnaden etter lovleg hagleammunisjon har vore høg i år, det tyder på at jegerane er lovlydige, seier han.