Hopp til innhold

Jeger frakta til sjukehus etter vådeskot

Ein jeger er frakta til sjukehuset i Førde etter å ha skote seg sjølv i låret og rumpa.

Jaktulukke

– Ulukka har skjedd om lag 20 meter ut i terrenget i det mannen skulle pakke ned rifla, seier Morten Rebnor som er operasjonsleiar i Vest politidistrikt

Den skadde er ein mann i 30-åra og var ein del av eit jaktfølge på fire personar som var på jakt i Flekke i Fjaler. Politiet melder at den skadde er vaken og medviten.

– Det var dei andre i jaktfølge som varsla om hendinga, seier Rebnor.

Hjortejakt

Politiet fekk melding om hendinga klokka 06:45. Tenestestadsleiar for politiet i Fjaler, Åge Løseth, seier dei fire var på hjortejakt.

– Etter det vi no har fått brakt på det reine har ulukka skjedd under forflytting og mannen er blitt treft av eit skot i setet/lårpartiet.

– Kor alvorleg skadd er mannen?

– Det vi kan seie er at skaden vert vurdert som stabil og ikkje kritisk, seier Løset.

Snakkar med dei involverte

Politiet er no i gang å snakke med dei som var med i jaktfølget.

– Vi har ikkje fått snakka med alle enno, og difor ynskjer eg førebels ikkje å gå i detaljar om kva dei har forklart. Vi håpar også at vi i løpet av dagen også skal få snakke med den skadde, seier Løset.