NRK Meny
Normal

Valkampleiaren med historisk sus

For nær 50 år sidan kjempa far hans for å få Richard Nixon som USAs nye president. Jefferey Thomas jobbar for at Leidulf Gloppestad (Sp) skal få ordførarklubba.

Leidulf Gloppestad og Jeffery Thomas

GENERAL: – Far min var veldig politisk og støtta parti uansett kandidat. Eg er veldig senterpartimann og er her for Leidulf, seier Jefferey Thomas (t.h.).

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Vallogo

Eplet fell ikkje langt frå stammen heiter det, og det må vel seiast å kunne stemme godt for Gloppen Sp sin valkampgeneral, Jefferey Thomas.

– I 1968 jobba far min for republikanarane med Nixon i spissen. Eg jobbar for Senterpartiet med Leidulf i spissen, humrar amerikanaren.

Får gode råd

Det skal godt gjerast om nokon ikkje har fått det med seg, men no er altså høgtida for å bli servert valflesk og politiske diskusjonar utanfor lokalbutikken.

Og i Gloppen har Senterpartiet ein valkampleiar som verkeleg kan seiast å trekkje vekslar på erfaring med historisk sus over seg.

Far hans var USA sin 37. president, Richard Nixon, sin valkampsjef i staten New Jersey.

– Eg snakkar med far min kvar veke. Han tykkjer det er interessant at eg følgjer litt i fotspora hans, seier Thomas medan han iført grøn t-skjorte gjer klar stand ved Herradshuset på Sandane.

«Cash is king»

Plaketten som stadfestar at far til Jefferey Thomas arbeidde for Richard Nixon

TAKK: Far til Jefferey Thomas fekk denne plaketten som takk for arbeidet under valkampen i 1968.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Og gode råd blir sendt gjennom telefonen frå USA til Sørstranda i Gloppen.

– Du må køyre på, du må profilere, du må bruke media som du kan og, sjølvsagt, «cash is king». Du må bruke budsjettet på ein fornuftig måte, fortel Thomas om dei gode råda frå far sin.

I 1969 vart Nixon president. Der ynskjer nok Thomas at samanlikninga avsluttar.

– Ikkje til samanlikning

For etter den mykje omtala Watergate-skandalen i 1974 vart Nixon den første presidenten som gjekk frivillig av.

– Han fekk eit heller frynsete rykte, og er ikkje til samanlikning med ordførarkandidaten i Gloppen, humrar Thomas og siktar til Leidulf Gloppestad. Mannen som ynskjer å overta ordførarklubba etter partikollega Anders Ryssdal.

– Det er jo ei steikande artig kopling, humrar Gloppestad.

Var aldri i tvil

– Men det er heilt klart ikkje noko ufordel at det organisatoriske bak å drive dette ligg i familien. Eg har sjølv drive litt valkampar og veit kor mykje arbeid det er, legg han til og vedgår at han aldri var i tvil om at Thomas var rett mann som valkampgeneral.

– Han kom som ein tornado inn før førre valkamp. Når ein kjem inn med slikt driv og engasjement, så smittar det over, seier Gloppestad.

Og håpar at eit nytt blad Thomas får suksess som valkampgeneral.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser