Hopp til innhold

Jeff fekk ei scene på 700 kilo over seg – i dag var han tilbake på jobb

Jeff Pedersen braut ryggen då han fekk ei 700 kilo tung scene over seg på søndag. I dag var han tilbake på jobb, etter to dagar i sjukesenga. Men sjukesenga vart med.

Jeff Pedersen

TILBAKE: Sjølv om han måtte ha med seg sjukesenga på jobb, var Jeff Pedersen tilbake som regissør i Sogn og Fjordane Teater.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg ringde teatersjefen ifrå ambulansen. Då det skjedde var eg sikker på at eg skulle døy, men sidan den augneblinken eg skjøna at eg kom til å overleve, har eg berre tenkt på framtida, seier Pedersen.

Teaterregissøren jobbar til vanleg i Sogn og Fjordane Teater, men understrekar at det ikkje var der ulukka skjedde. Han ønskjer ikkje å gå inn på kor det var.

– Scena kom ramlande ned frå veggen, og hamna oppå meg, og eg fekk to brot i ryggen og skadar på føtene, seier regissøren.

Det var Firda som først omtalte saka.

For tida jobbar han med teaterstykket «Nasjonal Prøve» som er eit samarbeid mellom profesjonelle skodespelarar og skuleelevar. Onsdag var første gongen dei to gruppene skulle treffe kvarandre, og det var viktig for regissøren å vere med på det møtet.

Mange vil nok heve augebryna over at ein er tilbake på jobb berre dagar etter ei slik hending, men for Pedersen var det heilt naudsynt.

– Eg er heilt oppslukt av jobben min, og av teater. For meg var dette ein måte å ha noko anna å tenkje på. Eg var veldig uheldig med ulukka, men veldig heldig som overlevde, seier Jeff Pedersen.

Jeff Pedersen Sogn og FJordane Teater

HAR KONTROLL: Regissøren har kontroll på stykket, sjølv om han har brote ryggen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Hadde vore krevjande å klart seg utan

Og både dei profesjonelle skodespelarane og skuleelevane var svært begeistra over å ha regissøren sin tilbake på jobb.

– Eg fekk ein klump i halsen i dag, fordi eg såg at han hadde vondt. Men heile klassen set veldig stor pris på at Jeff gjer det han kan for å kome hit. Det var jo eit val han tok sjølv, seier skuleelev og skodespelar i stykket Cecilie Pleym Lund.

Skodespelarane understrekar at dei måtte ha funne ei løysing dersom det ikkje var forsvarleg at regissøren kom på jobb att, men at det hadde vore krevjande.

– Det er ein grunn til at det er så lågt fråvær i teateret. Det er veldig vanskeleg å klare seg utan folk, og særleg regissøren, seier Reidun Melvær Berge. Ho er ein av dei profesjonelle skodespelarane i stykket.