Hopp til innhold

Javisst, det har vore så kaldt før

Sprengkulda denne vinteren burde ikkje overraske veldig: Det er ikkje uvanleg med temperaturar ned mot 20 minusgrader i desember og januar.

Kaldt i Angedalen

KALDT: Det har vore - og skal bli - kaldt i Sogn og Fjordane. Men det er ikkje veldig unormalt, opplyser statsmeteorologen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Over heile Sør-Norge har mange har hutra og hakka tenner denne vinteren. Mediene flaumer over av meldingar om det kalde vêret - men er det verkeleg så uvanleg kaldt?

Nei, meiner meteorologane:

- Det er ingenting unormalt med temperaturane i vinter, seier statsmeteorolog Rasmus Myklebust.

Har vore 20 minus før...

Meteorologisk Institutt melder om at desember var skikkeleg kald i Sør-Norge.

På oppdrag frå NRK Sogn og Fjordane har Myklebust sett nærmare på minimumstemperaturane for vintermånadene litt tilbake i tid.

Funna hans viser at veldig låge temperaturar ikkje er veldig uvanlege som vi kanskje skulle tru. Men vi må eit stykke tilbake i tid for å finne dei.

- Nyttårshelga i 1978-79 var veldig kald. Då registrerte målestasjonen i Førde i Sunnfjord minus 20,6 grader, fortel Myklebust.

Ganske likt vinterens temperaturar

Han meiner dette årsskiftet har mykje til felles med årets, då det også var svært kaldt på heile Vestlandet. Tilsvarande tal har han funne rundt årsskiftet i 1981-82.

Den nyare målestasjonen på Tefre i Førde har ein minimumsnotering for starten av januar på minus 17,8 grader. Absolutt kaldast her er minus 20,4 grader - målt i 2001.

- Vi ser det er ganske likt dagens temperaturar. Diverre har vi ikkje gode nok databasar til å kunne spekulere i klimaendringar og liknande, seier Myklebust.